Det er ikkje kvar dag salig Ivar Aasen kan kikke ned på gullskor og tiaraer, der han heng på veggen i dei staselege lokala til Bondeungdomslaget Ervingen. Men i går kunne han nyte synet av sju rosa prinsesser, som trødde dansen til både hardingfeletonar og folkesong.

Det kunne no elles blitt ei sørgjeleg opning av eventyrveka til Noregs Ungdomslag. Ikkje éin einaste draumeprins kom ridande opp trappa i går.

Men pytt, pytt. Prinsemankoen såg ikkje ut til å plage prinsessene det minste. På dansegolvet tok dei kvarandre i hendene istadenfor. Faktisk tok dei kvarandre på nakken, også. Moderne prinsesser syt ikkje med slikt.

Elles var dei der, alle dei andre eventyrfigurane også. Raudhette, Oskeladden, Veslefrikk med fela, eit knippe feer, trollkjerringer og attpåtil ei norsk hulder med hale, som stakk ut nedanfor stakken.

— Ei hulder er ei slags trolljente. Du kjenner ho att på halen. Ho kan sjå ut som ei ung og fin jente, men lokkar unge menn med seg inn i berget, forklarar Birgit Årdalsbakke Mjeldheim (10).

Berre éin slik ung mann hadde møtt opp til leikarringen i går: Ein liten, raudkledd nissemann. Men han var til gjengjeld rett mann på rett plass. I korga hadde han akkurat det små huldrer og prinsesser treng etter ei hektisk økt på dansegolvet. Sjokoladekake.

HØG PRINSESSEFAKTOR: Vår tids prinsesser sit ikkje veggpryd, berre fordi prinsane ikkje går på dans. Sju små prinsesser trødde dansen med kvarandre istaden, då Eventyråret 2002 vart markert i Bergen i går.
FOTO: KRISTIAN JACOBSEN