Den prikkesjuka som spreier seg ut over europeiske førarkort, er det ingen pillar som kan kurera.

NÅR SJØLVASTE STATSRÅD Torild Skogsholm no er smitta, finst det ikkje håp for det norske maktapparatet. Der er slike sjukdomar velkomne. Det gir meir arbeid. Mykje meir arbeid.

I dag kan politiet kverrsetta, og retten inndra førarkortet, for kortare eller lengre tid, til bilbøller og godtfolk som syndar mot trafikkreglane. Heretter skal det samlast opp prikkar som vert belasta førarkortet. Ein eller fleire prikkar for kvar misferd. Når belastninga er stor nok, skal det takast affære. Då sit førarkortet laust.

SJØLVSAGT ER DET for lengst brukt ei bråte timar i byråkratiet med å utforma framlegg til regelverk. Det er ikkje berre å omsetta engelske eller franske reglar til norsk. I nokre land har du null prikkar i utgangspunktet, og førarkortet kjem i fare når talet på prikkar når eit visst nivå. I andre land får du eit knippe prikkar som du har å gå på. Så er det å telja ned for kvar misferd, til du står på bar bakke. Prikklaus og førarkortlaus.

Sidan reglane varierer mykje frå land til land, er det fullt legitimt å laga noko særnorsk, med høyringsrundar og alt som høyrer slikt til.

GOD FORVALTNINGSSKIKK må gje høve til protest på kvar einaste prikk. Først med klage etter forvaltningslova. Går ikkje det, er rettsapparatet neste.

Dermed blir det rikeleg med ekstraarbeid for politiet, advokatar og domstolar.

TRYGG TRAFIKK og den slags organisasjonar applauderer sjølvsagt ei slik ordning. Det er jobben deira. Alt som kan gje oppstyr om trafikktryggleik, er av det gode, om ordninga er aldri så dårleg. Blir det for gale, får ein nytt oppstyr med å fjerna ho att.

Har dei for eksempel tenkt på kommuneøkonomien?

MEIR ENN 400 norske kommunar har bruk for dei arbeidsplassane som krevst for å halda greie på alle prikkane.

Dagens trend tilseier at prikkane over heile landet vert samla i eit sentralt prikkregister. Det kan lokaliserast kvar som helst i landet, til dømes i vesle Modalen, med under ein promille av folketalet i Oslo. Unyttig arbeid kan også gjerast i grisgrendte strok.

Men slike attraktive arbeidsplassar er gull verdt for kommunar av alle storleikar. Likevel kor lite pengar som er att i kommunekassa, ser alle seg råd til å spandera tur til Oslo på både ordførar og rådmann i slikt ærend. Kanskje en større delegasjon, og fleire turar, også. Samferdsleministeren kan bli ei svært så populær og travelt oppteken dame i tida som kjem.

MØNSTERET ER LIKEVEL at slike register i utgangspunktet vert plassert i Oslo, for seinare å gjennomgå ein smerteleg flytteprosess.

Vårt framlegg er å etablera prikkregisteret på Vestlandet med ein gong.

Elles sender vi Grete Knudsen og Kjell Opseth på dei.

OM VI IKKJE skulle tømma heile akvariet og starta opp att på nytt.