— Eg vil ikkje seia noko om ordførarspørsmålet før forhandlingane mellom samarbeidspartia er gjennomført, seier Knut Prestnes til Bergens Tidende.

Senterpartiet aukar med ein til ni representantar, og er dermed største parti i Kvinnherads 45 medlemer store kommunestyre. Ap og Aksel Kloster går tilbake med tre mandat til åtte, det samme som Frp, som gjekk fram med tre mandat.

— Eg er godt nøgd, eg, og ser at eg har fått ein del personlege stemmer, seier Aksel Kloster, som har stridd med utanompolitiske saker i 2003. Kloster har vore ordførar i to periodar, basert på ein brei koalisjon av Ap, SV, Høgre, Sp, Venstre og KrF.