– Eg prøvde å kviskra «han heiter Vidar, han heiter Vidar», seier Siv Beate Waage Paulsen (25) frå Stord til avisa Sunnhordland.

Vikarpresten var nemleg i det rett så tutlete hjørna da ho og mannen skulle giftast førre helg.

Sukk For det var nemleg ikkje Vidar Paulsen presten lurte på om Siv Beate ville ha som ektemake. Men broren og forlovaren, Jarle Paulsen.

– Han gjorde faktisk same tabbe på generalprøven. Då gav me han beskjed om å bruke rett namn. Og så ringde me han på førehand óg, berre for å vere sikre, seier 25-åringen til bt.no.

Det hjelpte fint lite. Presten gjekk rett i baret då det gjaldt som mest.

– Kanskje han hadde konsentrert seg så mykje om å få det til at det difor gjekk skeis. Lett for, seier Paulsen.

Ho tek opptrinnet med humør no, men tykte der og då at det øydela festen.

– Men utover kvelden var det jo dette alle snakka om, og me lo mykje av det.

Kviskra – Eg høyrde det gjekk eit tydeleg sukk gjennom alle bryllaupsgjestene då presten bomma, seier Waage Paulsen.

Ho prøvde å kviskra åt presten, men det gjekk ikkje noko særleg.

– Eg kunne jo ikkje svara ja på å gifta meg med svogeren min, kneggjar 25-åringen.

Det gjekk rett lenge før vikarpresten fekk henta seg inn att.

– Han fomla og stressa noko veldig, seier brura.

Orsak

Presten kom bort og orsaka opptrinnet på kyrkjetrappa.

– Huff, eg har vondt av han, seier 25-åringen.

Prost Svein Arne Theodorsen i Sunnhordland prosti seier han vil ta seg ein prat med den uheldige vikarpresten. Som sjølv er veldig, veldig lei seg.

– Bryllaupsdagen skal vera ein festdag. Dessverre fekk dei eit forstyrrande element. Og det beklagar eg, seier han til Sunnhordland.

PS! Hugsar du Rowan Atkinson som vikarpresten i «Fire bryllaup og ei gravferd»? Om ikkje kan du jo kose deg med dette klippet.