«Oppgradering av bad slik at det blir bedre enn 1970-standard.»

«Sjekke om det er fuktighet og mugg/sopp i bolig».

«En rekke takpanner er sprukket og vann renner ned på takpapp. Skader på takrenner».

«Huset har ikke vært malt siden det var nytt».

Dette er berre nokre av oppussingsbehova prestane i Fana prosti sende til Bjørgvin bispedømekontor for nokre veker sidan.

– Skjer ikkje noko

Prestane i Fana vil ikkje lenger bu i gamle, slitne bustader. Dei er leie av at det ikkje skjer noko når dei kontaktar arbeidsgivaren.

– Kjernen i saka er at bustadene er ein del av arbeidsforholda våre, og dette er såleis ei HMS-sak, seier Kolbjørn Gunnarson, kapellan i Søreide menighet.

I påskeveka sende Gunnarson og Bjørn Moe, kapellan i Skjold kyrkjelyd, brev til Arbeidstilsynet om situasjonen.

– Førebels har me berre informert dei. Breva til bispedømerådet har me sendt samla fordi mange prestar har opplevd at det ikkje skjer noko når dei tek kontakt ein og ein. No har me dokumentert at det ikkje skjer noko, seier Moe.

– Feil å bruka krefter på

Det var i januar dei ti prestane i Fana prosti som bur i kommunale hus, første gong samla seg og sende like brev til Bjørgvin bispedømeråd. Der etterlyste dei vedlikehaldsplanen som i følgje Bjørgvin bispedøme si HMS-handbok skal eksistera for kvar enkelt bustad, og som dei som bur der skal kjenna til.

Då prestane ikkje fekk svar innan ein månad, sende dei ei avviksmelding om det. Då enno ein månad gjekk, sende prestane brev der dei lista opp dei tre mest presserande oppussingsbehova i husa sine.

I utgangspunktet begynte brevskrivinga som eit privat initiativ frå dei to kapellanane, men etter kvart har det vorte ei sak for fagforeininga.

– Me håpar at det no skjer noko. Med dette viser me at saka er viktig. Bustadene er ein viktig del av arbeidsmiljøet vårt, og i ein elles krevjande kvardag er det feil at me må bruka tid og krefter på ein dårleg busituasjon, seier Jorunn Johnsen, leiar i Presteforeininga i Fana.

– Eit sakleg skrik

– Bustadene desse prestane bur i har ein standard som verken fyller Presteforeininga sine krav til prestebustad eller er som standarden folk flest har heime, seier Per Barsnes, prost i Fana.

Han seier bustadsaka er ei HMS-sak, og støttar prestane i brevskrivinga.

– Dette er eit sakleg, grunngitt skrik om at noko må gjerast, seier Barsnes.

«En alvorlig svikt fra huseiers side rammer arbeidsvilkåra for presteskapet så alvorlig, at det absolutt bør være en sak for Arbeidstilsynet», skriv han i ei påteikning til bispedømerådet i samband med at Arbeidstilsynet er varsla.

Også bustadombod i Bjørgvin bispedøme Åse Kristin Nøkling Aagaard, støttar Fana-prestane. Sjølv etterlyste ho ein vedlikehaldsplan i fjor sommar.

– Det handlar om å få ein meir føreseieleg situasjon, at ein kan vita at «neste år er det min tur til å få pussa opp». Slik det er no, skriv me bustadmeldingar annakvart år, utan at det skjer noko. Eg trur dette vert eit vera eller ikkje vera for heile bustadordninga. Bergen kommune har ikkje pengar, og me kan ikkje ha ei ordning som ikkje fungerer, seier ho.