Ivar Braut har parkert sykkelen i slapset utanfor Birkeland kirke i Fana og står i sakristiet. Medan organisten varmar tangentane i moll, går Braut gjennom notata sine og hentar den kvite prestekjolen med borelås ut av skapet.

To barn skal berast til dåpen i dag. Om ein knapp halvtime skal familiegudstenesta vere i gang.

— Eg trur det blir elendig oppmøte. Dei sprekaste har reist til fjells, dei eldre tør ikkje gå ut på dette føret, seier Braut og blir med kyrkjetenaren ut for å undersøkje faren for takras.

Presset blir hardare

Ivar Braut har vore prest i 28 år, dei siste åtte i Fana. Alt i alt har arbeidsforholda til prestane blitt betre, meiner han. På papiret har han fem dagars arbeidsveke og lønninga har fått eit markert, og etter Braut sitt syn, nødvendig og rimeleg løft dei siste åra.

Men nettopp lønsauke, i kombinasjon med ekstraordinære utgifter knytt til mange presteskifte i 2008, gjer at Bjørgvin bispedømme no må stramme inn på løyvingane til presteskapet.

— Folk må rekne med mindre oppfølging, seier stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Helge Taranrød. Kutt på 3,2 millionar kroner for 2009 kan føre til færre gudstenester, mindre deltaking frå eigen prest (som må vikariere i andre sokn) og vanskar med å innfri ønskjer i samband med vigsel, dåp og gravferd.

  • Presset vil bli atskilleg hardare i 2009 enn i både 2008 og 2007, seier Taranrød.

Drift av kyrkjer og kyrkjegardar kan også bli ramma fordi tildelingane frå kommunane til fellesråda ikkje strekk til.

Det er ikkje berre på Vestlandet at bispedømmet må spare. Alle bispedømmeråd i landet har samla sendt brev til Kultur- og kyrkjedepartementet der dei uttrykkjer bekymring for økonomien.

Innsparingane skal i minst mogleg grad leggje press på presten, heiter det frå Bjørgvin.

— Men presten er likevel den som hamnar i klemma mellom forventningar frå folk og den vanskelege økonomien, seier Taranrød.

Nei til stoppeklokke

Mykje tyder på at folk ikkje har reist til fjells likevel. Det blir ikkje fullt, men langt frå glise i benkeradene.

Organisten slår over i dur. «Du kalte oss til kirken, og derfor er vi her», syng forsamlinga med adresse til Han som heng over alteret. Dåpen går som dåp skal gå og to par foreldre ser ut til å vere fornøgde med to små som får vatna hovudet, men berre ser i taket utan ein lyd.

Preika handlar om Jesus og disiplane på ein slags fjelltur, før ein ny, gammal salme tar over, deretter forbøn.

  • Kjære Gud... vi ber for at israelske og palestinske barn skal få sove trygt.... Vi ber for Kongo... Vi ber for oss alle saman.

Ivar Braut vil ikkje vere med på noko krisemaksimering. Men:

  • Vi dekkjer ei befolkning på 19.000 her og har to faste prestestillingar. Vi har ingenting å gå på. Innstrammingar vil føre til at eg og andre må gjere teneste i andre sokn - og det er det eigentleg ikkje plass til. I arbeidet vårt skal vi byggje relasjonar til menneske som knyter seg til store ting i livet, som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Braut uttrykkjer seg truleg forsiktig. I ei nyleg publisert undersøking om arbeidsmiljø blant norske prestar, går det fram at prestar har dobbelt så stor risiko for å bli utbrente som folk i yrkesgrupper det er naturleg å samanlikne med.

Ein av fire i fare

  • Strammare økonomi vil utan tvil slå ut på risikofaktorane, seier Inger Helene Nordeide ved Senter for Livsmestring i Jølster. Ho har saman med psykologiprofessorane Anders Skogstad og Ståle Einarsen skrive boka «Jeg er jo ikke Jesus heller!», som undersøkjer arbeidssituasjonen til 780 norske prestar.

Basert på intervju og spørjeundersøkingar viser forskarane til at seks prosent av prestane i dag er utbrente. Det er to prosent høgare enn i yrkesgrupper prestar blir samanlikna med, som legar, psykologar og sjukepleiarar.

— 18 prosent av prestane er i faresona. 24 prosent er i ein situasjon der varsellampa bør lyse, seier Nordeide.

«Utbrent definerer forskarane som ein stressreaksjon på langvarig og samansette kjenslemessige belastningar - ei utmatting som kan krevje langvarig behandling.

— Mange prestar fortel at dei er einsame fordi dei manglar nokon å dele tankar med utanom familien. Ikkje alle har gode relasjonar til familien, seier Nordeide.

Undersøkinga blant prestane viser også at mange opplever å kome i skvis mellom børs og katedral.

  • Forbrukarsamfunnet har nådd kyrkja. Presterolla er knytt til forkynning og forvaltning av sakramenta, medan det som ofte blir etterspurt, er figurar som «for all del ikkje må forkynne for oss», seier Nordeide.

Eitt stykk dåp

  • Herren løfte sitt åsyn på deg, og gi deg fred! Amen.

Tre slag i klokka markerer enden på gudstenesta.

Etter at organisten har levert eit opplyftande postludium, vil foreldre, fadderar og slektningar fotografere seg sjølve med dåpsbarn og prest ved alteret.

  • Vi skal ikkje berre drive forretningar, vi skal ha tid til folk når vi møter dei. Dette må handle om noko anna enn eitt stykk gravferd, eitt stykk dåp, og eit stykk vigsel, seier Braut.

Så må han tilbake til sakristiet. Han skal møte to menneske som har alvorlege saker å snakke om - som treng ein prest.

VELKOMMEN INN: Sokneprest Ivar Braut har vore prest i snart 30 år. Han er fornøgd med arbeidet sitt, men fryktar kutt i budsjetta skal gå ut over relasjonsbygging. - Yrket handlar også om få til eit godt fellesskap, seier han. Dessutan handlar det om å sjekke føret utanfor hovudinngangen.
Silje Katrine Robinson
SMALL TALK: Nydøypte Angelica Havsgård Løland kviler på pappa Rene Løands fang.
Silje Katrine Robinson
HØGTID: Klokkar Helge Strøm Nilssen ber krossen i prosesjonen som opnar familiegudstenesta i Birkeland kirke.
Silje Katrine Robinson
BACKSTAGE: Ivar Braut sjekkar antrekket i sakristiet før han går ut i kyrkja.
Silje Katrine Robinson