Helseminister Sylvia Brustad skulle stoppe nedbygginga av ortopediklinikken i Lærdal, då ho kalla leiinga i Helse Vest inn til føretaksmøte i slutten av september. Det stadfestar no for første gong leiar i styret for Helse Førde, Clara Øberg.

— Alt like etter at Helse Vest hadde stadfesta vedtaket om kutt i Lærdalsortopedien, fekk vi signal frå leiinga i departementet om at det ville bli kalla inn til føretaksmøte. Der ville statsråden gjere om vedtaket, seier Øberg.

Dialog

Den omstridde avgjerda om kraftige ortopedikutt i Lærdal blei gjort av Helse Førde i sommar, og seinare stadfesta av Helse Vest. I Indre Sogn oppfatta dei vedtaket som så dramatisk at heile sjukehuset blei sett i fare. Reaksjonane blei deretter. Etter store aksjonar og kraftig politisk press kalla statsråd Sylvia Brustad inn til føretaksmøte om Lærdal siste fredagen i september. Men dagen før møtet eksploderte innkjøpssaka, og føretaksmøtet blei utsett. Innkjøpssaka enda med at helseføretaket i Sogn og Fjordane beklaga at det var handla utstyr til klinikken utan at lov om offentlege innkjøp var følgt.

Etter det BT kjenner til har det vore dialog mellom leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Vest i etterkant av denne saka. Departementet har stått fast på at det ville bli kalla inn til nytt føretaksmøte, og skal nyleg ha signalisert at innkallinga ville kome før jul. Vedtaket som blei gjort på det ekstraordinære styremøtet i Førde i går ettermiddag, kom for å hindre føretaksmøte.

— Eg legg ikkje skjul på at det ikkje er noko særleg for eit helseføretak at vedtak blir gjort om på føretaksmøte. At vi no har oppheva Lærdalsvedtaket, reknar eg med fører til at det ikkje blir noko møte, kommenterer Øberg.

Fornuftig

Samstundes som styreleiaren stadfestar at trugsmålet om føretaksmøte er ei årsak til snuoperasjonen i går kveld, peikar ho også på at dette er eit fornuftig vedtak. Grunnen er arbeidet som no går føre seg med å lage ein samla plan for ortopeditilbodet i Sogn og Fjordane,

— Då vi gjekk inn for å kutte var det tre årsaker: Helse Vest trekte tilbake tilskotet til drifta av klinikken, vi hadde overkapasitet og sjølvsagt var det for å spare pengar. No er vi i ein situasjon der ei faggruppe er sett ned for å lage ein samla plan. Då er det uheldig at dei har eit vedtak i botnen som bind dei opp, seier Øberg.

Ortopediplanen vil truleg vere ferdig i midten av januar, men styrehandsaming blir neppe før i vår. I saksutgreiinga til gårsdagens styremøte skriv Helse Førde-direktør Jon Bolstad at det vil vere naturleg å sjå planen i samanheng med føringane frå det sentralt oppnemnde utvalet som vurderer innhaldet i lokalsjukehusa. Utvalet er venta å kome med tilråding i mars.

Ordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun, er ikkje innstilt på å slappe av etter gårsdagens styrevedtak.

— Eg er sjølvsagt nøgd med at styret no opphevar vedtaket, men eg kan forsikre alle om at vi skal følgje nøye med i det som skjer framover.

Apneseth Oddleiv