— Eg har teke eit oppgjer med meg sjølv etter det som skjedde, og har lagt det bak meg, seier Kloster.

— Eg har roa meg ned, og føler at eg har god kontroll over livet. Etter ein turbulent periode ser eg no framover. Eg er i fin form og godt motivert for å arbeida vidare med politikk, seier Aksel Kloster til Bergens Tidende.

— Det går bra i Kvinnherad, og her er eit veldig potensiale for vidare utvikling, seier han.

På fiske med «fienden»

Kloster blei rapportert inn til formannskapet i Kvinnherad av Sunde Grendalag etter at han møtte indisponert for å opna Kystkulturdagane 13. juni. Lennart Sortland, som måtte ta over mikrofonen etter Kloster og som varsla formannskapet, er tidlegare revisor for Kvinnherad kommune.

Etter ei fortid i KrF melde Sortland seg inn i Kvinnherad Arbeidarparti, og ut att sist vinter. Men han står på 25.plass på partiets kommunevalliste.

— Det er ikkje til å stikka under ein stol at det har vore dårleg kjemi mellom meg og Sortland. Men no har han invitert meg med på fiske, seier Aksel Kloster, som også laga ei skriftleg utgreiing om Sunde-episoden til partilaget sitt.

— Eg reagerte på vegner av grendalaget og er ferdig med saka, det håpar eg Kloster er óg. Eg trur ikkje vi skal ha problem med å møtast eller vera vener, seier Lennart Sortland.

Leiaren i Kvinnherad Ap, Øyvind Hardeland har om lag same innstilling. _Vi hadde eit møte ned Kloster, og han fekk kritikk. Men no brettar vi opp armane og går til val. Aksel Kloster jobbar hardt for kommunen, døgeret rundt. Utan han hadde til dømes ikkje Folgefonntunnelen eksistert i dag, seier Hardeland.

- Veljarane avgjer

— Eg la meg flat for kritikken, og bad om tilgjeving. No er det veljarane som skal avgjera om eg er verdig tilliten som ordførar, seier Aksel Kloster.

Kvinnherad Ap går til val med betra kommunikasjonar som ei av kampsakene. Kloster ser det som svært viktig for kommunen å få realisert Halsnøysambandet og eit innkorta samband frå Indre Kvinnherad til Bergen.

Partiet har kumulert fire kandidatar. Bak Kloster følgjer Synnøve Solbakken, Erling Bolstad og Åse Engelsen.

KAMPKLAR: Etter ein sjølvransakande sommar er Aksel Kloster klar for ein offensiv valkamp for å bli ordførar for ein tredje periode.<br/> Foto: Ove A Olderkjær