Kven har hovudansvaret for den tilsynelatande uendelege serien med bygningsmessige fadeser i Florøs 50-millionars stoltheit, badeanlegget Havhesten?

I dag startar krangelen i retten.

Som på ein gammal rustholk

I over 30 år hadde folk i kystbyen Florø venta på svømmehallen sin. Og den kommunalt eigde Havhesten var eit flott anlegg, med fasalitetar som kurbad, badstuer, trimrom, solarium og kafé. Ikkje minst er plasseringa unik, med sjenerøse glassflater, eit storslege panorama mot havet og kystlandskapet rundt.

Men noko var heilt gale. Allereie før den festprega opninga i november 2000 var rust og lekkasjar blitt synlege. Eitt drygt år seinare var det splitter nye badeanlegget stengt for publikum. Først løyvde kommunen fem millionar til utbetringar. No har dei løyvd 12,5 millionar. Ingen veit om det er nok til å fikse feila på det nye anlegget.

— Sjå på denne trappa, det ser ut som om vi er om bord på ein gammal russisk trålar, sukkar driftsleiar John Mehammer i badeanlegget Havhesten. Han viser oss trappa til stupetårnet. Rusten boblar fram overalt, og renn i brune striper nedover. Sollyset skin gjennom rustsprekkene i ståltrappa. - I starten prøvde vi å male den, men måtte gje tapt etter to strøk.

Tabbar på alle plan

Det handlar om tabbar på alle plan, frå prosjektering, tekniske løysingar, materialvalg og utføring.

Rustfritt stål som rustar, basseng som lek, treverk som flassar, gips som smuldrar, flisar som løsnar, fukt i kanalar og rør.

I dag er Havhesten på nytt blitt ein byggeplass. Flisegolv blir brote opp, vegger blir rivne.

Rust renn frå alt metall, teiknar sine triste brune spor på kvite keramikkfliser, renn neover veggene på hovudbassenget. Rustvatnet flyt over golvet frå sluk, over alt har betongen synlege fuktskader. Eit resultat av at vass-spegelen i bassenget står for høgt i høve golvet rundt. Det saltholdige vatnet pressar seg fram gjennom porøse fuger i golvet, den innstøypte membranen held ikkje stand mot trykket. Det renn ned i kjellaren, der det tekniske anlegget er installert.

— Her nede har vi tanken med klor som skal reingjerast regelmessig. Men den er bygd inne og kan ikkje fjernast, og det er ikkje sluk i golvet, sukkar driftsleiar Mehammer.

Havhesten ser ut som om den har vore brukt i 30 år, ikkje i nokre få månader.

Oppgjerets time

I dag startar partane å spele svarteper om ansvaret. Flora kommune har helde tilbake sluttoppgjeret til hovudentreprenøren Selmer Skanska AS, som har svara med søksmål. Berre denne første av ei forventa rekke rettssaker skal gå i tre veker for Sunnfjord tingrett.

Hårfin avtalejuss, søksmål og motsøksmål, rein advokatmat.

Som hovudentreprenør har Selmer Skanska hatt ansvar for mur, betong og stål, og har stått for underlevrandøren som har lagt flisene.

— Vi har utført arbeid etter kommunens teikningar og spesifikasjonar. Problema som har oppstått er derfor kommunens ansvar, seier Selmers Skanska sin advokat, Svein Dag Karlstad.

Selmer krev 2,5 millionar av kommunen. Kommunen krev ni millionar av Selmer.

Spørsmålet er om skadane er byggherrens - altså kommunens - ansvar, eller om det er dei rundt 15 ulike utførande firma med Selmer i spissen som har ansvaret.

Sunnfjord Tingrett med sorenskrivar Bjarte Eikeset i spissen har sett av tre veker for å fordele ansvar og millionar.

I mellomtida er rehabiliteringa av Havhesten i full gang, og nyopninga blir tidlegast til hausten.

RUSTHOLK: Nei, trappa er ikkje henta frå ein gammal russisk trålar. Dette er ståltrappa opp til stupetårent i Havhesten. Her nyttar ikkje med berre maling, konstaterer driftsleiar John Mehammer.
Foto: Øystein Torheim