• Ein betre kvardag for dei med psykiske lidingar er eit hovudmål for regjeringa, sa statsministeren i nyttårstalen. I Førde er det ikkje pengar til å starte drifta av ein ungdomspsykiatrisk klinikk, eit nybygg til 35 millionar kroner.

— Når vi fører opp eit slikt bygg og ikkje greier å skaffe pengar til drift, skapar det eit problem. Det går på truverde, seier avdelingssjef Arvid Søreide.

Saman med leiande miljøterapeut Frank Kalstad har han nett vist Bergens Tidende rundt i eit av dei arkitektonisk mest spennande bygga som er reist i Førde dei siste åra. Dei to er dei einaste tilsette på ein institusjon utan pasientar.

Bygget er kledt med dyr russisk lerk, forma som ein lukka trekant med eit stort tun i midten. Innvendig er det alle fasilitetar: pasientrom, terapirom, pårøranderom, minigymnastikksal, klasserom, familierom, opphaldsrom, kontor.

Velkomne

— Dette er ikkje noko typisk institusjonsbygg. Mange av dei som skal vere her, kjem med ei kjensle av at alle drit i dei. Dei kjenner seg ikkje heime nokon plass. Bak dette bygget ligg ein tanke om at her skal dei i alle fall føle seg velkomne, seier Frank Kalstad.

Men om byggverket til 35 millionar er annleis og spennande, er det like fullt eit tomt skal. For Helse Førde har ikkje pengar til å ta i bruk den flunkande nye ungdomspsykiatriske klinikken. Praktbygget blir ståande tomt. 40 ungdommar får ikkje den behandlinga dei skulle hatt.

Ungdommen har i årevis vore den psykiatriske akilleshælen i Sogn og Fjordane. Fylket er det einaste i landet som manglar ein psykiatrisk avdeling for ungdom. I kring 20 år har bygginga av ein slik klinikk vore planlagt.

Det starta då fylkeskommunen eigde sjukehusa. Så tok staten og Helse Førde over. Om 14 dagar er bygget ferdig. Men dei knappe 15 millionar kronene som trengst i året for å gje innhald til praktbygget, finst ikkje.

— Det tek tid å få eit nytt system på plass, men det hjelper ikkje dei unge. Eg føler at det som skjer no er veldig vanskeleg å forsvare etisk, seier Søreide.

Unge i krise

Ungdommar frå 12 til 18 år skulle alt frå årsskiftet fått behandling her. Unge menneske med alvorlege depresjonar, med livstruande spiseforstyrringar, angst, åtferds- og lærevanskar. For enkelte er depresjonane så djupe at dei går med sjølvmordstankar.

Nokre får i dag behandling på dei vaksenpsykiatriske institusjonane i Førde, Eid og Sogn. Andre får hjelp i kommunane. For enkelte blir det søkt om plassar i Bergen eller Oslo, men det er eit vanskeleg nålauge å komme gjennom. Alle er einige om at dagens tilbod ikkje er godt nok.

Skulda for at eit vakkert tomt snart står ferdig på Vie i Førde ligg på mange.

  • Staten som ikkje har løyvd midlane som var førespegla til psykiatrien.
  • Helse Vest som ikkje har overført nok pengar til Helse Førde.
  • Helse Førde som driv for dyrt.

Dei svakaste av dei svake blir taparane.

— Det er ikkje så lett å reise ein aksjon for desse gruppene. Då er det lettare å mobilisere til kamp for føden i Lærdal, seier Søreide.

SÆRPREGA ARKITEKTUR: Den nybygde ungdomspsykiatriske avdelinga i Førde er eit særprega bygg. Men bak veggene i trekanten er det ingen å hjelpe.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH