Forholdet han har hatt til skule kan summerast opp i ei setning:

— Me passa ikkje saman.

Dermed vart Eilertsen i år ein del av den mykje omtalte fråfallsstatistikken på vidaregåande skule.

Men i motsetnad til mange andre står ikkje Eilertsen på bar bakke. Han står på hjulverkstaden til Bertel O. Steen på Minde, tilsett som lærekandidat.

Tilrettelagt undervisning

Og det sjølv om han ikkje har følgt ordinær undervisning på vidaregåande. Eilertsen fekk diagnosen ADHD tidleg i livet, og valde å begynne i ein særskilt klasse for bilservice på Fyllingsdalen videregående skole då han var ferdig med ungdomsskulen. Der er det færre elevar og eit tilrettelagt opplegg.

For mange vil ein slik veg verken gi grunnlag for meir utdanning eller ein plass i yrkeslivet. Men læraren til Eilertsen, Tore Sædal, nekta å godta at det skal vere sånn.

Eilertsen er ein av fleire elevar Sædal har hatt som har gått ut i arbeid.

Oppbevaring

Etter berre eitt år i jobben som ansvarleg for den tilrettelagde bil- og sykkelservicelinja i Fyllingsdalen, byrja Sædal å leggje om opplegget.

Han såg han at elevane nærast stod på bar bakke etter tre år på skule. Utan ordinær undervisning, la ikkje den særskilde klassen grunnlag for fast varig arbeid.

— Som lærar og medmenneske opplevde eg det vanskeleg å arbeide i eit slikt system. Det var langt på veg oppbevaring, med eit svært forenkla tilbod, og gav ingen varig utdanning eller arbeid. Eg måtte gjere det på ein ny måte.

Han hadde mange kontaktar i bilbransjen frå før han tok til å undervise. Sædal bestemte seg for å bruke desse. No går elevane ofte berre eit halvt år i klassen hans før dei blir forsøkt utplassert i ei bedrift.

På skulen brukar dei mesteparten av tida på bilverkstaden, som elevane sjølve skal drive som ei elevbedrift. Kundane er ekte, og elevane må gjere alt frå den faktiske reparasjonen til å skrive faktura.

Ein ny sjanse

Målet er at tida på skule skal ende opp i jobb, eller at elevane skal få dreisen på fag og kunne halde fram på skule.

Dei som kjem til klassen har alt frå generelle lærevanskar til meir djuptgåande diagnosar, som ADHD, Tourettes eller lett psykisk utviklingshemming. Nokre slit også med rus. Felles for alle, er at tida på skulen opp til dette punktet ikkje alltid har vore bra.

Sædal prøver å møte dei med blanke ark.

— Å sitje på skulebenken er drepen. Mange av elevane har fått bekrefta at dei ikkje har lukkast gjennom heile skulegangen, men eigentleg er dei berre meir praktisk anlagt, seier Sædal.

Blei motivert

Sindre Lotsberg Eilertsen kom nokså raskt på utplassering hos Bertel O. Steen. Så utvikla det seg til arbeid nokre dagar i veka. Til slutt fekk han tilbodet om å bli lærekandidat, og sjanse til på sikt å ta fagbrev i hjulutrustningsfaget.

19-åringen er ikkje i tvil om kva som har gjort at han til slutt enda opp med jobb.

— Eg har lært mykje fordi eg har villa. Eg har heile tida vore på hogget.

Motivasjon, kallar lærar Sædal det. Han meiner det kjem nesten av seg sjølv når desse ungdommane opplever at dei får eit reelt tilbod, og ser at dei kan bli noko.

- Me har ansvar

Mange lukkast. I fjor gjekk halve kullet han hadde ut i arbeid. Enkelte tidlegare elevar har fått fagbrev. Nokre har gått vidare på skule.

— Det går ikkje bra med absolutt alle, men dei fleste eg høyrer frå har klart seg. Og dette er folk som lett kunne ha enda opp i feil miljø. Difor er det stor samfunnsnytte om berre nokre kjem inn i fast arbeid, seier Sædal.