• Kom tilbake måndag, då kan vi snakka med avisa. Bergens Tidende blei kontant avvist då Fjord Norway la til kai i Bergen i går føremiddag.

EVA RØYRANE

Ikkje berre nektar leiinga i Fjord Line å fortelja eigne tilsette og omverda elles om kva planar selskapet har etter at Smyril Line har kjøpt 66 prosent av aksjane i reiarlaget. Pressa blir også nekta å snakka med dei tilsette om bord.

— Vi skal berre liggja til land i to timar, vi har ikkje tid til å snakka med dykk, kom tilbake på måndag, sa den uniformskledde som kontant viste oss på dør etter å ha konferert med kapteinen.

Fortvila og forbanna

— Det var synd, de burde fått snakka med dei som er på arbeid om bord. Dei er både fortvila og forbanna, seier hovudtillitsvald Sigvart Bjørnevik.

Han har konferert med Sjømannsforbundet sentralt om teieplikta dei tillitsvalde i Fjord Line er pålagde av leiinga.

— Vi ville vita om selskapet kan påleggja oss å teia til alle detaljar er på plass. Vi har fått til svar at dei kan det, seier Bjørnevik.

Per Helge Mork, som underviser i arbeidsrett på LO-skolen beklagar den utbreidde bruken av teieplikt.

— Eg skulle ønskje tillitsvalde var litt meir vågale. Teieplikta er eit vonde. Dei fleste prosessar tener på å vera opne. Når informasjon vert halden tilbake, blir det spekulasjonar, små ting blir lett store. Og dei tillitsvalde kjem i ein svært vanskeleg situasjon, seier Mork.

Utnyttar lojaliteten

— Arbeidsgjevarar veit ofte å utnytta arbeidstakarane sin lojalitet, dei tilsette har gjerne ei oppleving av at teieplikta går lenger enn det er grunnlag for. Regelverket om teieplikt er ikkje særleg omfattande, men mange trur likevel det er grunnlag for å krevja teieplikt i mange samanhengar, seier Mork, som understrekar at han uttaler seg generelt. Situasjonen i Fjord Line kjenner han ikkje.

Tilsette i ferjeselskapet kvir seg tydelegvis for å snakka med media om situasjonen fordi dei er redde for eige skinn.

Ein Fjord Line-tilsette som likevel tok kontakt i går, snakka under føresetnad av at han fekk vera anonym. Han er spesielt oppteken av situasjonen til dei av kollegane sine som har lån, og som vil få økonomiske problem om dei blir ståande utan arbeid.

Og han fortel at fleire kollegaer i det siste har fått avslag når dei har søkt om banklån. Årsaka er at dei jobbar i Fjord Line. Bankane har ikkje tillit til at dei har ein trygg arbeidsplass.

ALLE TIER: Fjord Line sleppte bilane på land då båten kom til Bergen frå Hanstholm i går føremiddag. Men avisa fekk ikkje snakka med dei tilsette om bord. FOTO: VEGAR VALDE