Å vera dobbeltbisp og dobbeldoktor er sikkert bra for dei som interesserer seg for slikt, å vera ein makelaus limerick-diktar også, no som sommaren er i full gang.

Men som dei alltid har sunge av full hals i bondelagsmøte frå nord til sør: «All kultur er dyrken, først og fremst av jord!». Det er merkeleg kor mange av åndshovdingane som såg på seg sjølv som bønder først og fremst, og som skrivarar når onnene var over og det var tid for inneliv: Tarjei Vesaas i Telemark, Olav H. Hauge i Ulvik, og for den del Knut Horvei med 2000 høns i floren.

Gode ord på syngjande mål

Per Lønning på Stord skreiv kanskje ikkje så mykje, endå om det er mykje godt etter han i skriftleg form også. Han snakka helst, då var det ikkje berre ord og setningar han fekk med, men også det saftig syngjande målet frå Storen, som dei helst sa. Ikkje flytte han ut heller, korkje til Oslo eller Os, og om Ivar Eskeland kunne seia at Sunnhordland er landsdelen som ikkje finst, så trong ingen vera i tvil om at Per Lønning var til. Det var dette med potetene. Det står kanskje ikkje så mykje i blad og bøker om miraklet som gav Pote-Per heidersnamnet, men du skal ikkje reisa mykje på bygdene før du finn dei som gjorde det same som han: Sette ei heil bytte poteter i same holet, dekka over med svartplast og let Vårherre styra resten, til potetopptakinga mest var å grava opp ei klump der pimpernellane sat tett som blåskjel på ein streng.

Det vart kanskje ikkje stornæring av det, for slik dyrking kravde det folk var minst lystne på: Mykje arbeid og lite maskinar. Men Per Lønning viste at det kunne gjerast, og løna var vel at det kom folk i haugevis langvegs frå for å sjå, og då fekk Per godt høve til å snakka og verta kjend med mange.

Dei ukjende allvitarane

Fjernsynet gjorde mykje rart i sin barndom, men det raraste — og dermed beste - var at dei fann menneske som visste så utruleg mykje meir enn nokon kunne ana, om romerske keisarar, om Sherlock Holmes eller greske gudar. Og så var det ein som visste alt, først om «Tusen og nei natt», deretter om kongesogene til Snorre Sturlason. Det var potetbonden frå Stord, i «Kvitt eller dobbelt», reality-showet frå 1960-åra, der folk kunne vinna 10.000 kroner til slutt. Men det viktigaste var det ikkje, for det var at folka rundt svart-kvitt-fjernsynet vart kjende med folk som fylde ruta med varme og visdom. Per Lønning vart liksom stjerna mellom dei nye «kjendisane». Sjølvsagt kunne Storda-bonden vorte både prest og bisp, i alle fall i kyrkja slik ho er i dag, så vid at det er rom også for dei som har større tankar enn dei ein finn i altarboka. Sjølvsagt kunne han vorte forskar og fått statsmillionar til å gjera det same som han no gjorde for eigne pengar. Han hadde hovud til slikt, og meir til, det var berre at han var fødd ein mannsalder før vegane låg opne for alle til alt.

Men han fekk med seg folkehøgskulen under Martin Birkeland på Store Milde, og han vart Stenda-agronom, så han hadde lært det som ein trong i livet. Han tok over farsgarden, gjorde det makelaust godt både med grønsaker og poteter, var med på å stifta grunneigarlag og fiskarlag og gartnarlag, og for vel tjue år sidan bygde han om låven til kulturstove. Det var sanneleg ikkje merkeleg at han (og kona også!) fekk Kongens heider, og han vart profet i eiga bygd, i 1983 fekk han bygdeprisen frå Stord.

Stord gjev rom nok

Det er berre ikkje sikkert at han hadde vore lykkelegare for det. Heimegarden og heimebygda er meir enn stor nok til at folk skal få falda seg ut, i alle fall om bygdelaget er Sunnhordland og mennesket heiter Per Lønning.

Per Lønning hadde alltid tru på Stord og Sunnhordland. Så då skipper Eivind Ottesen frå Stord hadde teke kommandoen om bord i «Statsraad Lehmkuhl» og sigla Nordsjøen slik at det framleis går gjetord om bragda - det var sommaren 1960 - sende Per Lønning sonen Per Ståle om bord i skipet, til ein karriere som kunne gjera skipper av ein bondegut, utan at det kosta noko. Kanskje var det for å gjera folk av gutungen, det veit ingen. Gutungen har sidan skrytt fælt av månadane om bord i skuta, men han gjekk i land likevel, og vandra som journalist frå Gula Tidend til TV 2.

Det finst dei som meiner at det meste er slutt når ein vert boren til grava. Men sant er det ikkje, for Per Lønning visste betre enn nokon at det verkelege livet tek til når minna om mannen blomstrar. Sant eller berre halvsant, myte eller røyndom betyr ikkje så mykje - sjølv Snorre brydde seg ikkje om fakta dersom det berre vart ei god soge av det.

Så Pote-Per vil leva lenge i heimbygda og heimfylket sitt!