Kyrkjeverje i Øygarden, Odd N. Thormodsæter postla innkallingane til møtet 24. august, i god tid før møtet 30. august. Men breva kom ikkje fram før dagen då soknerådsmøtet skulle haldast.

– Ein kan ikkje lenger stole på at breva kjem fram før dei kan karakteriserast som arvegods, seier Thormodsæter til VestNytt.

Dette er ikkje først gongen Thormodsæter opplever treg postgang.

– Det siste eksempelet var eit brev som vart postlagt på Rong, og som skulle til ein annan person på Rong. Det tok heile to veker, seier han.

Posten har som mål at A-post skal vere framme hos mottakar seinast to dagar etter at dei er sendt, likevel kvar i Noreg brevet skal. Pressesjef i Postens region sør og vest, Eivind Rossen beklagar hendingane.

– Her har vi rett og slett ikkje gjort det vi skal. Noko må ha gått gale ein eller annan stad, og slik kvalitet på våre tenester kan vi ikkje leve med, seier han.