• At all post frå Sørfjorden i Hardanger skal poststemplast Bergen er så gale at det ikkje er til å tru, og slett ikkje til å leva med.

Slik reagerte hotelleigar Edmund Utne ved Ullensvang Hotell på Lofthus. Han tenkte at dette måtte han gjera noko med, og han plar ikkje la det bli med tanken.

Harald Opedal bles i det gamle posthornet og fylkesmann Svein Alsaker klypte snor, då Lofthus Poståbneri nyleg vart gjenopna. Det held til i nybygd hus på knapt to gonger tre meter, med gamal takskifer, like attmed Edvard Grieg si kom-ponisthytte i hotellhagen. Både Grieg og hytta er motiv på den nye poststempelen, som også reklamerar for Ullensvang, Lofthus og Noreg.

Post i hotell er slett inga nyskaping. Hans Utne, oldefar til dagens hotelleigar, flytte Ullensvang Poståbneri frå Aga til hotellkjellaren på Lofthus. Han fekk også endra namnet til Lofthus.

Hotellgründer Hans Utne overtok «embetet» etter svigerfaren, Johannes Johannessen Aga, som opna døra første gong 1. mars 1859, og vart løna med 12 spesiedalar i året. Ranveig Skeie Himle stengde postkontoret på Lofthus same dato i 1997, men det er no opna «Post i butikk» på Handelslaget.

— Turistane vil gjerne ha posttempel frå der dei er, ikkje næraste storby, seier Edmund Utne til Bergens Tidende.

All post som no vert postlagt i brevsprekken i det lille posthuset i hotellhagen, får lokal poststempel. Post frå andre postkasser i «Fjorden», blir sende til Bergen for stempling.