Det var iskaldt. Gradestokken krøyp under ti minus på Herdla kai fredag 2. februar 1940.

Nede i Europa hadde Hitler starta krig. Det skulle framleis gå nokre veker før Norge blei invadert, før alle innbyggjarane på Herdla blei tvangsflytta av tyskarane som gjorde øya om til fort. Ekteparet Anna og Asbjørn Kristensen kunne halde fram med pliktene ei stund til. Klokka 05.30 denne morgonen stod dei klare, som alle andre kvardagar, med knytte postsekker då Dampen la til kai.

— Vi måtte opp klokka fire. Var vi ikkje vakne, kom dei opp og henta han. Men det skjedde ikkje ofte, seier Anna Kathrine Kristensen og ler.

Det var lenge til Herdla fekk bru. Postekteparet Anna og Asbjørn på Herdla måtte lite på Dampen. Kvar dag.

Sosialt medium

Meir enn 72 år seinare køyrer BT same fredagsrute som Alversund og Manger Dampbåtlag staka ut. Start på Rossland, til Herdla, deretter sørover i sikksakk mot Bergen.

Anna er framleis på Herdla. Beina har vore sprekare. Ho kjem seg ikkje lenger ned trappa i huset der ho ein gong sorterte post i kjellaren. Men alle sansane er skarpe som hos ei ungrøy på 80. Ho ser nøgd ut i godstolen, Anna.

— Eg kjem frå ei seig slekt. Eg vart fødd her. Vaks opp på garden, seier ho, smiler og peikar mot Bjørnstad-garden oppe i bakken.

Anna har sett Herdla forandre seg mykje. Eit fattig fiskarsamfunn er blitt tumleplassen for golfarar, kitarar og folk som dreg på havet og fiskar for moro skuld, ikkje for å overleve.

— Om eg har prøvd e-post? Hi-hi, nei takk! Eg skriv ikkje brev.

Nymotens kommunikasjon er ikkje noko Anna brukar tida på. Kvifor skulle ho det? Ho skal jo strikke elefantar og katter og andre kosedyr til 23 oldebarn. Ho skal løyse kryssord. Dessutan – ho har levd heilt greitt utan e-post og internett til no. I august fyller ho hundre.

Men i det som populært blir kalla gamle dagar, i hennar tid, gjorde Anna jobben som Facebook, Twitter og e-post gjer i dag. Ho og ektemannen Asbjørn tok over post og rikstelefon i 1932, og dei heldt koken i 50 år.

Før krigen var det ikkje uvanleg at ho måtte skrive breva dei eldste sambygdingane ville sende.

— Dei kunne ikkje skrive, mange av dei gamle gubbane. Ikkje namnet sitt ein gong. Vi brukte å setje "P.P." bakom. "Med påhalden penn", minnest Anna.

Skamma over å vere analfabet var tung å bere for mange. Løyndomen var trygg hos Anna.

— Vi hadde teieplikt. Ingen fekk vite noko av oss, seier Anna.

Kamp på kaia

Det var ikkje ei tilfeldig rute Dampen køyrde i Herdlefjorden. Før kommunesamanslåinga i 1964 høyrde nordre Holsnøy til Herdla herad, til liks med Øygarden.

Fjordane gjorde Herdla til det naturlege knutepunktet mellom Holsnøy i aust og Øygarden i vest. Det var fjorden som var kommunikasjonsåra.

— Alle kommunale kontor var jo her på Herdla, seier Anna.

Folk stimla saman på kaia når Dampen kom om ettermiddagen frå by´n. Dei første åra, før Anna og Asbjørn fekk posthyller, blei posten fordelt med opprop.

— Folk var nysgjerrige på kven som hadde fått post, minnest Anna.

Å drive dampbåt på Herdlefjorden var eit rotterace. Fleire selskap konkurrerte om dei reisande. Butikkeigar Christensen på Herdla kai var aksjonær i dampbåtlaget og nekta konkurrentar å gå til Herdla.

— Båtane måtte betale ti øre for å leggje til kai, minnest Anna.

Lurte tyskarane med plommer

Under krigen blei alle på Herdla tvangsflytta av tyskarane med 24 timars varsel. Heile øya blei omgjord til fort, fangeleir og flyplass. Postkontoret til Anna og Asbjørn blei flytta til Io på andre sida av fjorden. Asbjørn måtte ro mange mil med posten kvar dag.

Men Anna ler når ho tenkjer på korleis mannen fekk lurt tyskarane.

— Han fekk lov til å dra attende til Herdla for å hente komfyren. Medan ingen såg, fylte han ei stor badebalje med Victoria-plommer og tok med heim. Dei kunne vi hermetisere og ete av heile vinteren.

Saknar ikkje Dampen

Dottera Berit Dahl var berre ti år då ho fekk arbeidsoppgåver av sin far, postmeisteren. Det førte ho òg inn i eit langt yrkesliv som landpostbod.

— Alt endra seg då vi fekk brua i 1969. Plutseleg kunne vi ha skikkelege opningstider på postkontoret, seier Dahl.

Bil erstatta båt nærast over natta for Herdla-folket. Øygardsbåten heldt fram med å gå innom Herdla. Når bruene blei opna ei etter ei der ute i vest, forsvann òg dette tilbodet.

Men korkje mor eller dotter er dampnostalgikarar.

— Eg saknar ikkje båten. To-tre timar med båten ut hit blei for mykje, seier Berit Dahl.

— Du veit, vi kunne jo aldri reise vekk saman, mannen min og eg. Kor ofte eg kom meg til by´n? Ein gong i året, kanskje, seier Anna.

MINNE: Anna Kristensen (til v.) og dottera Berit har tatt vare på det gamle postskiltet frå den gongen Herdla var kommunesenter.
POSTHUSET: Huset til ekteparet Anna og Asbjørn Kristensen ligg like ved kaia. Det var både våningshus og postsentral.
UTSIKT: Frå stovevindauget ser Anna Herdlesundet der båtar frå både Bergen, Holsnøy og Øygarden klappa til kai.