I totida natt til søndag fekk politiet inn fleire meldingar om at post låg strødd i vegbana ikkje langt frå Borlaug i Lærdal på E16.

– Det vart funne post i vegkanten, som sannsynlegvis har falt av under transport, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet rykka ut og det vart sikra over 20 kassar med post i og utanfor vegbana.

– Politiet har vore på staden og freista å plukke opp det vi såg i natt. Det har vore nedbør, så noko er vått, seier Rimmen.

Politiet har enno ikkje fått kontakt med Posten, og har derfor ikkje noko meining om kva som har skjedd.

– Hovedsaka no er å få sikra posten og få kontakt med dei ansvarlege. All last skal i utgangspunktet vere sikra mot å falle av, understrekar operasjonsleiaren.

Årdal lensmannskontor vil følgje opp saka.