To dagar i veka i to år tok Siri Byrkjeland imot fysisk friske personar med demens på garden sin i Kvam. Ein viktig del av opplegget var å vere ute i frisk luft, uansett ver.

— Vedhogst og hagearbeid var vinnaraktivitetane. I tillegg var det populært å handtere gammaldagse reiskap, til dømes ljå. Eg henta også fram gamle lesebøker frå loftet, som vart grunnlag for diskusjon. Sjølv om dei hadde hatt ulike yrke, hadde dei noko til felles der, seier Byrkjeland.

Fem menn i alderen frå 60 til 84 år har vore på garden hennar sidan prosjektstart i 2003. Kvam var ein av fem kommunar i landet som starta med dagtilbod for personar med demens på gard.

- God avlastning

Byrkjeland har hausta gode tilbakemeldingar, og er ikkje i tvil om at tilbodet gav resultat.

— Pårørande fekk god avlastning, ved at dei visste at ektefellen eller faren treivst godt her. Slik kunne dei ta på seg å ha den sjuke personen heime lenger, seier Byrkjeland.

Då Byrkjeland tok over slektsgarden hadde ho eit ønskje om å kombinere faget som helsearbeidar med det å vere bonde.

— Bakgrunnen for at eg starta opp med dette er at eg sjølv opplevde at farmor fekk demens. Ho var frisk i kroppen, og ønskte framleis å plante blomster og stelle med dyr. Men den gong fanst det ikkje noko anna tilbod enn aldersheim, fortel vernepleiaren.

- Tenk tryggleik

Kvam kommune avslutta avlastningstilbodet i 2005, fordi for få brukarar kunne nytte seg av det. Byrkjeland syns det er flott at Bergen no satsar på grøn omsorg.

— Landbruket har kvalitetar langt utover det å produsere mat, slår Byrkjeland fast.

— Kva råd har du til gardbrukarane i Bergen som skal starte opp eit liknande tilbod?

— Det er viktig å tenkje tryggleik på garden. I tillegg må ein ha ein open og ryddig kommunikasjon både med helsevesen og pårørande. Inviter gjerne pårørande inn for å sjå korleis det fungerer, seier Byrkjeland.