— Dette vil betrar energieffektiviteten ved raffineriet og sikrar energiforsyninga til Mongstad, Kollsnesanlegga og Trollfeltet i Nordsjøen, går det fram av fylkesutvalet si høyringsfråsegn til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) knytt til Statoil si melding om tiltaket og ugreiingsprogrammet.

Fylkesutvalet føreset at best mogleg miljøvenleg teknologi vert nytta i prosjektet. Som del av konsekvensutgreiinga må CO2 –handtering vurderast nærare, både teknisk og økonomisk.

Gassrøyr er ein kostbar og krevjande infrastruktur, og ut frå samfunnsinteresser må ein sikre at kapasiteten vert tilpassa regionen sin trong for naturgassforsyning framover. Fylkesutvalet i Hordaland meiner konsekvensutgreiinga må synleggjere potensialet for etablering av ny industri forsynt med naturgass frå det nye gassrøyret. T-avgreining for auka gassforsyning til Kollsnes Næringspark og større røyrdiameter fram til Mongstad må utgreiast, påpeikar utvalet.

Vedtaket vart gjort med 12 (H, KrF, Frp, Sp, Ap) mot 3 (SV, V) røyster.