Rådmann Asbjørn Schei i Førde er udelt positiv: –Vi kan ikkje har fleire utgreiingar på om dei fire kommunane skal slå seg samen, no må det utgreiast korleis det skal skje seier Schei til NRK Sogn og Fjordane.

Etter ei eventuell samanslåing vil storkommunen i ti år framover få behalde fullt ut dei statlege tilskota som kvar av kommunane får i dag. Men i tillegg gir kommunal— og regionaldepartementet tilskot som dekkar meirutgifter i samanslåingsprosessen.