— Dei utanlandske turistane blir svært begeistra når dei oppdagar at det finst andre kystcruise enn dei med Hurtigruten, seier Odd Jostein Gundersen (71), kaptein og ein av fleire dugnadsarbeidande mannskap på «Granvin».

-Dette må vi ha med oss, både fartøyet og naturopplevinga er topp. Dessutan blir vi godt kjende med andre om bord, seier ekteparet Sissel og Eiliv Veseth frå Osterøy. Som Odvar Holsen frå Sandviken og Astrid og Tor Meidell frå Blomsterdalen følgde dei «Granvin» sin onsdagstur via Austevoll og Brandasund frå Bergen til Leirvik, overnatta på hotell på Stord, for så å følgja den gamle HSD-slitaren på årets siste cruise frå Leirvik til Espevær torsdag.

«Stord 1» i 2008

75-årige «Granvin» tek 80 passasjerar. På fleire av turane har interesserte måtta avvisast grunna full båt, opplyser Øivin Konglevoll i Veteranskipslaget Fjordabåten til Bergens Tidende. Sommarruta Bergen - Austevoll - Brandasund - Leirvik er eit vellukka resultat av ein lesartur for BT-abonnentar i 2001.

Inntektene av cruise- og charterturane går til reparasjon og vedlikehald av fartøyet. Veteranbåtlaget har dessutan ei formidabel oppgåve med å ferdigstilla DS «Stord 1», som presenterte seg for eigen maskin under Norsteam i Bergen i fjor og som kjem til Stord i midten av september. Mykje innreiingsarbeid står att, målet er å ha 1913-dampen i turist- og blåturtrafikk sommaren 2008.

«Oster» fyrer opp

Etter ein aktiv førsommar, har DS «Oster» lege i ro i fellesferien. Men no skal gamle dampen i eigen «person» ut og sigla att for bedrifter og turistar. Blant anna skal båten til oljemessa i Stavanger, fortel styreleiar Tor J. Bjørgaas i Nordhordland Veteranbåtlag.

Carl Gunnar Nesheim, eigar av MS «Bruvik», fortel om ein god sommarsesong også for dette veteranfartøyet. Båten går kvar sundag rundt Osterøy, med stogg i Modalen. «Bruvik» er med sin store passasjerkapasitet (286 plassar) populær for større firmaturar, og har i sommar utflukter til både Flåm, Rosendal, Stord og Haugesund.