Førstkommande onsdag er Digitalarkivet ti år! I dei ti åra som har gått har me fått mange historiske kjelder lett tilgjengeleg for bruk. Digitalarkivet har utvikla seg både med tanke på innhald og funksjon, noko som heilt sikkert vil fortsetja også i framtida. 10-års jubileet vil bli markert på Digitalarkivet den 23. januar så det er berre å følgja med!

Historiske kjelder ut til folket

På Digitalarkivet har stadig fleire kjelder blitt tilgjengelege på nett. Fleire og fleire kan sitja heime og søkja fram dei opplysningane dei er interesserte i utan å måtte oppsøkja arkiva. For mange er dette ein sjølvsagt ting i dag, men slett ikkje for alle. Dei som dreiv med slektsgransking og anna lokalhistorie før Digitalarkivet vart etablert, leigde inn mikrofilmar til sitt lokale bibliotek eller måtte reisa på vitjing til arkiv andre stader i landet. I dag er dette i mange høve historie. Den siste storsatsinga frå Arkivverket var å gjera dei skanna kyrkjebøkene tilgjengelege på Digitalarkivet.

Mange store og små bidragsytarar

Digitalarkivet er namnet på Arkivverket sin nettstad for publisering av historisk kjeldemateriale. Sjølv om det er ein nettstad underlagt Arkivverket, er det likevel ikkje berre statsarkiva og Riksarkivet som publiserer stoff på denne nettstaden. Foreiningar, lag og einskildpersonar kan få sitt eige ”rom” i Digitalpensjonatet, der dei får presentert sine databasar eller skanna kjelder. I dag er det vel 170 slike ”rom” i Digitalpensjonatet. Kjeldematerialet i Digitalarkivet ville ikkje på langt nær vore så omfattande om ikkje lag, organisasjonar og privatpersonar hadde medverka! Det er uråd å nemna alle bidragsytarar, men blant dei største er nok DIS-Norge.

To hovudtypar kjeldemateriale

I Digitalarkivet finst det i hovudsak to typar kjeldemateriale. Det eine er søkbare databasar t.d. register til kyrkjebøker, folketeljingar og andre kjelder som inneheld opplysningar om einskildpersonar. Den andre typen kjeldemateriale er skanna originalkjelder som dei skanna kyrkjebøkene (skanna frå mikrofilm eller originalkjelde).

Folketeljingar og andre søkbare databasar

I Digitalarkivet er det søkbare databasar over folketeljingane 1801, 1865 og 1900 for heile landet. For nokre område er det og folketeljingar for 1875, 1885 (byar) og 1891.

Det finst og ei mengd databasar (register) til kyrkjebøker frå 1600-talet og til langt opp mot vår tid. Desse databasane er imidlertid ikkje landsdekkjande, og det er stor forskjell i kor mange slike databasar som finst frå dei ulike landsdelane. Vestlandet kjem veldig godt ut når det gjeld antall slike register eller databasar. I tillegg til databasar som byggjer på folketeljingar og kyrkjebøker, finst det databasar som gjeld emigrantar, fattige, skiftemateriale, kriminelle, skattelister, militære, sjøfolk med meir.

Avskrifter av rettsprotokollar

I våre dagar står det mykje i media om rettssaker. I Digitalarkivet kan du lesa om rettssaker frå ”gamle dagar”, i mine auge eit mykje meir underhaldande alternativ enn å lesa om saker frå i dag. Her finst nemleg avskrifter (ordrett gjengiving av originalkjelda) av heile protokollar, til dømes tingbøkene for Nordhordland for perioden 1642-1802. Desse protokollane utgjer vel 11 000 sider, og alle er skriven av ein einskild mann, Håkon Aasheim frå Osterøy!

Åsane og Digitalarkivet

Det er ikkje mogeleg å fortelja alt om Digitalarkivet i ei handvending. Digitalarkivet må opplevast! Eg vil likevel forsøka å seia litt om kva som finst der som gjeld Åsane. For åsabuer er det mykje godt stoff på nett, noko av dette ligg i Åsane Historielag og Åsane bygdeboknemnd sine ”rom” i Digitalpensjonatet. Mange er allereie kjent med dette, medan andre framleis ikkje veit om denne nettstaden som kan gje opplysningar om Åsane og åsabuen gjennom tidene. For Åsane (Hamre) finst mellom anna databasar over døypte for perioden 1750-1910, konfirmerte 1750-1900, vigde 1677-1930 og gravlagde 1677-1964. Dessutan finst det databasar over dei som måtte stå offentleg skrifte i perioden 1677-1764, til dømes måtte Syneve Mikkelsdatter Sæterstøl skrifte offentleg i 1731 fordi ho hadde ”forseet sig mod det 6te bud med Johannis Jørgens: Aastveit”.

Folketeljingar for Åsane

I tillegg til folketeljingane 1801 , 1865 og 1900 er 1891-teljinga for Åsane søkbar på nett, medan folketeljinga for 1875 enno ikkje er ferdig registrert. Den vil komma på nett litt seinare i vår. Ved å nytta folketeljingane kan ein dessutan sjå korleis hushaldningane i Åsane såg ut, om det var berre mor, far og deira barn eller det var storfamilie med tantar og onklar, besteforeldre, tenestefolk, leigebuarar, fosterbarn eller andre.

Er du til dømes interessert i industrien som vaks fram i Eidsvåg og Salhus, kan ein sjå mykje ved å nytta folketeljingane. I folketeljingane får ein og vite kvar folk kom ifrå, om dei var fødd i distriktet, frå andre landsdelar eller frå utlandet. Dessutan kan dei ulike folketeljingane visa endringane over tid på ein bestemt gard eller område. I dag er Flaktveit eit tett bebudd område. Ved siste folketeljing som var i 2001 budde det 5439 personar på Flaktveit. I 1801 budde det på Flachtvet (Flaktveit) 22 personar, fordelt på fire hushald. I 1900 var det sju bruk med 48 personar. Auken i folketalet der mellom 1801 og 1900 var altså ikkje særleg stor i forhold til den auken som har skjedd på 1900-talet, og då særleg dei siste 40 åra.

Korleis finna fram i Digitalarkivet?

Den enklaste måten å orientera seg i Digitalarkivet sine kjelder er å nytta Databaseveljaren . I denne kan ein både søkja etter kjeldekategori, til dømes kyrkjebøker og dåp, eller gå via geografisk område, frå fylke og ned på kommunenivå. Vil du sjå kva for databasar som finst for Åsane, vel Hordaland som fylke og deretter Hamre som kommune, sjå illustrasjon. Elles finst det nokre hjelpetekstar som fortel meir om korleis ein kan finna fram og søkja i Digitalarkivet.

Debattforum, nettutstillingar og kurs i gotisk skrift

Som om det ikkje skulle vera nok tidsfordriv med databasar, skanna originalkjelder, og avskrifter, finst det dessutan nettutstillingar, kurs i gotisk skrift og fleire debattforum i Digitalarkivet. Nettutstillingane er om mangt og mykje, store og små – frå lepra til samferdsel, emigrasjon og innvandring. Den siste nettutstillinga var julemarkeringa i fjor, juleknask frå Digitalarkivet .

Digitalarkivet i framtida

Innleiingsvis vart dei skanna kyrkjebøkene så vidt nemnd. Den neste storsatsinga innan digitalisering av kjelder, er å få skanna og lagt ut på nett tinglysningsmateriale; panteregister og pantebøker. Dette skal vera gjennomført i løpet av 2009, men for Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Hordaland og Sogn og Fjordane skal skanna tinglysningsarkiv komma på nett allereie i løpet av første halvår i år. Kva for andre storhendingar som vil skje i Digitalarkivet dei nærmaste åra er ikkje godt å spå om – me får berre følgja med!

Lenker på Bt.no/Åsane

Gotisk skrift ikke lenger gresk

Les og bla i kirkebøkene hjemme

Juleknask frå Digitalarkivet

Aktuelle lenker

Besøk Statsarkivet i Bergen

Besøk Historisk institutt, Universitetet i Bergen Besøk Åsane Historielag

Besøk Arkivverket

Kyrkjebokdatabasar i Digitalarkivet for Åsane

Døypte i Hamre prestegjeld 1750-1815 **Døypte i Hamre prestegjeld 1816-1872

Døypte i Hamre prestegjeld 1872-1910

Konfirmerte i Hamre prestegjeld 1750-1900

Vigde i Hamre 1677-1815

Vigde i Hamre 1816-1881

Vigde i Hamre 1882-1930

Døde i Hamre 1750-1826

Døde i Hamre 1826-1851

Døde i Hamre sokn 1852-1968

Døde i Åsane 1852-1964

Døde i Hamre prestegjeld 1677-1749

Offentlege skriftemål i Hamre 1677-1764

Alle andre databasar i Digitalarkivet som gjeld Åsane**

Dette er framsida i Digitalarkivet. Øvst er det ei menyline med ulike snarvegar for å komma til databasane.
Ved å trykkja på knappen Databaseveljar, deretter velja Hordaland som fylke, og Hamre som kommune, kjem ein til dette biletet. Resultatet viser at det finst 97 databasar for dette området. Knappen Vis alle 97 tar oss til ei side med oversikt over databasane.
Paul Sigve Amundsen