ARNE HOFSETH

Du kan møta dei på teikneseriefestival på Voss laurdag.

Undervisningsleiar Brita Tveite ved Voss Folkemuseum har fått blod på tann etter å ha hatt ei teikneserieutstilling hengande på Mølstertunet sidan i mars. No vil ho ha årviss teikneseriefestival høgt over Vossevangen. Ventar invasjon frå Bergen

Tveito har alliert seg med Raptus-general Arild Wærness, som i oktober skal skipa til den niande teikneseriefestivalen i Bergen.

— Slett ikkje redd konkurranse?

— Nei, eg skulle gjerne sett slike tiltak også på Stord og andre stader i fylket, så vi får spreidd «bodskapen», seier Wærness til bt.no.

— Men gidd nokon å reisa til Voss på teikneseriefestival så lenge du har Raptus i Bergen?

— Sjølvsagt gjer ein det, når du kan ha kapasitetar som Frode Øverlid, Lars Lauvik og InkaLill nesten for deg sjølv. Raptus samlar rundt 4000 i Bergen og bortimot tusen står i kø for å få Øverlid sin signatur, seier Wærness. Vossingen er ungdomsarbeidar i Bergen. Han har sett i gang Bergen Tegnestue for teikneserietalent på loftet i Ungdomshuset 1880 i Domkirkegaten. Arild Wærness leier også prosjektet «Gi rom for lesing», og held fram at det er betre å lesa teikneseriar enn ikkje å lesa noko. Mykje betre.

— Her ligg det rike litterære skattar, seier han.

Godbitar

Det same meiner Brita Tveite på Mølstertunet. Ho avsluttar vårens teikneserieutstilling pinseaftan med «Vossastreken», ein teikneseriefastival som ho vonar kan bli årviss.

— Dei som vil ha med alle godbitane, må vera tidleg på plass, åtvarar ho.

Ho har delt opp programmet i to bolkar, der den siste kan haldast ute på det særmerkte tunet dersom det blir finevêr. Den første økta er innandørs. Då blir dei kjende teikneserieforfattarane presenterte, og dei blir intervjua av Arild Wærness. Deretter skal dei teikna heilt nye strekar som blir vist på storskjerm etter kvart som dei vert til. Dessutan får talent frå Bergen Tegnestue høve til å visa kor mange knep dei har lært i faget. Det er lagt opp til sal av bøker, hefter og teikneseriestriper, og signering av forfattarane.

PÅ MUSEUM: Brita Tveite ved Voss Folkemuseum avsluttar vårens utstilling av teikneseriar med besøk av stripemakarar med pondus laurdag FOTO: ARNE HOFSETH
a