Sidan før jul har dei erfarne polske spesialistane budd i eit mini-Noreg i den polske hovudstaden.

Det polske rekrutteringsbyrået Paragona driv leiren der legane går gjennom eit halvårig undervisningsopplegg. Dei skal først og fremst lære norsk språk. Men på timeplanen står også samfunnskunnskap og undervisning i norsk kultur. Dei skal også få kjennskap til lovar og reglar i landet der dei snart skal praktisere sine medisinske kunnskapar. Dei les norske aviser, ser norsk fjernsyn og filmar med norsk tale og tekst.

Også familiane til dei polske legane blir trekte inn i undervisninga. Ektefeller og barn har fått tilbod om seks helgekurs for å få ei innføring i språk, kultur og generell kunnskap om det norske samfunnet.

Åtte av dei 14 legespesialistane skal i vår ta til i jobb ved sjukehusa i Lærdal og Førde.

— For oss er det mykje å greie å rekruttere åtte legespesialistar på same tid, seier personaldirektør Jan Birger Moe i Helse Førde.

Dei andre skal Nord-Trøndelag, Finnmark og Helgeland. Også 13 farmasøytar som har fått jobb hos to ulike apotekkjedar går på same kurset.

— Det er første gongen vi er med på eit slikt opplegg. Vi var med på noko liknande då det for nokre år sidan blei rekruttert ein del tyske legar. Men då var hovudtyngda lagt på språkopplæring etter at dei hadde kome hit, seier Moe.

Tilsette i fjor

Ein delegasjon frå Helse Førde var før jul i Polen for å sjå på korleis undervisninga går føre seg, og for å halde kontakten med legane. Tillitsvald Tom Guldhav seier til internavisa i helseføretaket at det verkar som dette opplegget er meir gjennomtenkt enn det som er gjort ved rekruttering av utanlandske legar tidlegare.

Det var i fjor vår Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Nord inngjekk ein avtale med rekrutteringsselskapet. Fleire aktuelle søkjarar var i fjor sommar og såg på forholda i Sogn og Fjordane, og etter ein intervjurunde blei dei åtte som no sit på skulebenken i Polen tilsette.

To av dei er indremedisinarar som skal jobbe i Lærdal. Dei seks som skal til sentralsjukehuset i Førde er to kreftlegar, ein nevrolog, ein revmatolog, ein røntgenlege og ein spesialist i blodsjukdomar.

Ta vare på familiane

Dei åtte har ingen bindingar til helseføretaket, og kan om dei vil flytte til andre sjukehus utanfor Helse Førde.

— Erfaringa har vel vist at slike bindingar ikkje fungerer særleg godt. På ein måte ligg det ei økonomisk binding i at vi betaler for flyttinga, men utover det står legane fritt. Vår utfordring bli å ta så godt mot dei og leggje forholda så godt til rette at dei trivst og blir verande.

Alle dei åtte er rutinerte legar, og fleire av dei har familiar som skal flytte med.

— Kviler det ikkje også eit ansvar på Helse Førde for familiane?

— Det er ei utfordring vi er klar over. Erfaringa viser at trivst ikkje den andre parten, så har vi eit problem, seier personaldirektør Moe.