MÅLT ETTER omsetnad og innbyggjartal er Førde i landstoppen som handlesenter. Men pengane går ikkje til restaurantbesøk.

FOR FØRDE er i pølseklemma. Kvalitetsmat er mangelvare. Å drive ein skikkeleg restaurant synest uråd, sjølv om ti tusen menneske bur i tettstaden og rundt femti tusen i ein times omkrins.

Den mest opplagte til å ta saka skulle vere Terje Ness, meisterkokk som han er med sin Bocuse D'or på hylla — og bakgrunn frå nettopp Førde.

Men trass ståande invitasjon frå heimbyen har han ikkje planar om å vende tilbake og starte restaurant. Han blir heller ved si Michelin-stjerne over grytene på eksklusive restaurant Oro i Oslo.

— Så vidt eg veit, er det snart berre fastfood- og pizzarestaurantar som overlever i Førde. Det er ingen marknad for den type restaurant eg kunne tenkt meg, sa Ness til Bergens Tidende for ei vekes tid sidan, då han lanserte si nye bok.

Her skriv Ness at matkulturen han opplevde under oppveksten i Førde er basisen for at han no er blant verdas fremste kokkar. Og han hentar framleis utsøkt råstoff frå heimtraktene, til bruk i dei rettane som blir serverte på Oro.

Ness undrast over tilstanden når nærast heile kokkelandslaget er vestlendingar. Og saman med mange av hans mest kjende kokke-kollegaer har Ness fått si opplæring på den velrenommerte kokkeutdanninga i nettopp Førde.

FØRDE MANGLAR jo ingenting.

Klede, sko, bil, elektro og daglegvare og Gud veit kva finst i stort sett alle variantar - like pass som i kvar ein annan norsk småby.

Den utskjelte arkitekturen er ein lausunge ingen vil vedkjenne seg, eit uønska barn unnfanga i møtet mellom evneveik styring og privat grunneigarmakt.

Det mest ihuga patriotane meiner Førde er bra nok som det er, med sin bilørken, sine amputerte ferdsleårer og sitt utskjemte offentlege rom.

Byrommet i Førde finst stort sett under tak. Utanfor står bilane og ventar, inne møtest folk til handel og prat. Ein kopp kaffi, noko å ete.

Førde Torg er ikkje eit torg, men eit kjøpesenter. Like ved ligg endå eit par butikksenter, og 20.000 nye kvadratmeter av sorten er visstnok planlagt.

Her inne tar folk sin kopp kaffi og kakebit. Eller eit oppvarma måltid, i merkeleg like kafear med plastblomster på borda og den eimen av gammal røyk og tristesse i lufta.

Løvsteik, snitsel, kyllingnuggets, pizza, pommes frites.

Dei reindyrka spisestadene heiter for eksempel Gjengangaren, Abas Inn, Førdekroa, Dolly Dimple, Smuget, Venezia og Bambus. Som det meste anna eksisterer desse i lager-liknande bygningar, bensinstasjonar og handlesenter.

Førde manglar ingenting. Punktum.

KVA MED HAN som driv i bransjen?

— Jo, det er nok eitt eller anna som manglar her i Førde.

Erkjenninga kjem frå Geir Rørstadbotnen som har to serveringsstader i Førde: Gjengangaren og Førdekroa. Eit kjapt sveip i skattelistene fortel at denne mannen ikkje har hatt det feitt siste året.

Null formue, null inntekt. Underskot i begge selskapa. Serverer denne mannen god mat, eller?

Han forklarer miseren med ei fatal feilsatsing. Ikkje i Førde, men kafedrift i nabobyen Florø og i Åsane senter.

— I Førde har det gått brukbart, omsetnaden er opp med tjue prosent i år, seier han.

Førdekroa er kafé og gatekjøkken, Gjengangaren er restaurant og pub. Og Rørstadbotnen er soleklar på ein ting: At pengane ikkje ligg i à la carte-servering, men i hurtigmaten og dei enkle smårettane.

— Det er rett, det er ikkje store marknaden for restaurantmat i Førde. Utekulturen er annleis, og det må skje ei endring her om ein god restaurant skal gå rundt. Eg veit om andre i næringa som har redusert mattilbodet sitt, seier 42-åringen, som saknar eit lokalt forum i bransjen for å heve nivået på det Førde kan tilby. Og er oppgitt over at kommunal styringsiver forbyr Gjengangar-gjestene å nyte eit glas pils ved restaurantens utebord.

MEN DER UTELIVSBRANSJEN SLIT med spisekulturen i Sunnfjord, har andre full kontroll.

Kari Støfringsdal står bak to praktbøker om lokal tradisjonsmat som til saman har gått i opplag på nær 20.000 eksemplar.

— Eg saknar også eit godt restauranttilbod i Førde, men spør meg samtidig kor ofte eg ville ha brukt det, seier ho. - Dei unge går ut for å treffe folk og drikke, blant dei litt eldre er det ikkje mange nok med urban livsstil.

56-årige Støfringsdal trur heller at folk dyrkar matkulturen heime, i selskap med vener eller familie, slik bøkene hennar også legg opp til.

Så kanskje må vi sjå ut over restaurantbordet for å finne svaret. Kanskje skal det vere slik, at nokre kvalitetar ikkje kan overleve utanfor landets mest sentrale strok. At politikken, kapitalen og åndslivet anno 2003 har tatt retningar som systematisk forhindrar dette.

Kanskje har folk resignert, kanskje er dei nøgde med det dei får av byrom, arkitektur, og, ja, skulpturar. Og spisestader.

Kanskje meiner folk at dei ikkje kan forlange meir, kanskje er dei ikkje villige til å betale det det kostar.

Sjølv om den feittete hamburgaren i salat og dressing faktisk kan koste meir enn lunsjrettane som restauranten Pikant kan servere deg.

Pikant, sjølve unntaket i Førde. Eit optimistisk eksperiment, ei frigjerande lita øy ved elva og bytorget. Stilig, men for dyrt, for sært, meinte folk. Dessutan starta Pikant med katastrofalt urutinert betjening og treg servering. Den som er utsett for slikt, gløymer det seint.

Konkurs to gonger sidan starten i november 2000.

For tida pågår tredje forsøk, med skjerpa service, akseptable prisar, men sterkt redusert spisetilbod på kveldstid.

Utsikta mot det saktegåande vatnet i Jølstra gjer likevel godt for den som har fått sin dagsdose av parkerte bilar og hektiske folk med plastposar.

Pikant har vore den plassen som alle snakka pent om, men altfor få besøkte.

PØLSE FØRDE KJØRER KAMPANJE nett no, folk kan stappe i seg til under halv pris. 15 kroner, med brød og tilhøyr. På ein Narvesen-kiosk nær deg. Eller ein bensinstasjon, eit gatekjøkken.

Ikkje akkurat helse, men definitivt pølse.

Oppunder 400 går det på ein god dag, fortel kioskinnehavar Øystein Hope i Narvesen på Handelshuset.

Bra for Hope, bra for Narvesen-konsernet, bra for pølsemillionær Leiv Vidar.

Pølse er alltid ein sikker vinnar.

<b>PØLSEGNAFS:</b> Friminutt for 17-åringane Kristoffer Langedal og Erlend Brekke. Pølse på tilbod er tingen når matpakka ligg att heime.
Oddleiv Apneseth