Dette året kom det første pollenvarslet tre veker tidlegare enn i fjor, og alt på nyåret tok salet av allergimedisin av.

Tal som BT har henta frå Apotekforeningen viser at i januar og februar steig omsetnaden av eit trettitals allergipreparat med seksten prosent, samanlikna med same periode i fjor. I Hordaland var auken tolv prosent.

Pollenversting undervegs

– I år blomstra hasselen i februar. Det er veldig tidleg, seier botanikar Per Harald Salvesen på Arboretet i Bergen.

Også bjørkepollensesongen kjem truleg tidlegare enn vanleg denne våren.

– Dersom dette kalde vêret går over, er det ikkje urealistisk at det skjer så tidleg som i midten av april. Det er tre til fire veker tidlegare enn for 40-50 år sidan.

Hallvard Ramfjord, leiar for Pollenvarslingen til Norges Astma— og allergiforbund, konstaterer at pollensesongen totalt sett er blitt to til tre veker lengre.

– Dette er uheldig for allergikarane.

Mildare klima gir også grobotn for nye planteslag, som pollenverstingen beiskambrosia (ragweed). Planten, som stammar frå Nord-Amerika, kan gje kraftige, allergiske reaksjonar.

– Ut med gåsungar og liljer!

Den eittårige planten, som blir importert med fuglefrø, er oppdaga i bustadområde over heile Sør-Norge, men omfanget er svært lite. På Vestlandet er det for kaldt til at planten kan klare seg.

– Men dersom klimaet endrar seg i løpet av nokre tiår, og det blir varmt nok på Vestlandet, kan dette forandre seg. Derfor er overvaking viktig, seier Salvesen.

Sjølv om pollensesongen for or og hassel er heilt på tampen, og bjørkepollensesongen enno er nokre veker unna, er det lite fred å få for allergikarane.

Innimellom blomstrar nemleg selje, vier og pil – treslag som også inneheld allergiframkallande pollen.

– Ein av fem bjørkepollenallergikarar reagerer også på pollen frå desse sortane, opplyser Ramfjord.

Desse pollentypane spreier seg ikkje like lett i lufta, men kan likevel skape store problem for bjørkepollenallergikarane. Årsak?

– Mange plukkar til dømes gåsungar, og pyntar med dei inne. Ikkje gjer det! Pynt utandørs, oppfordrar Ramfjord.

Det same gjeld påske- og pinseliljer, som inneheld kritiske stoff for ein del allergikarar.

Hassel er en pine og en plage for mange allergikere.