Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti måtte sjå at hennar forslag til freding av smelteverkstomta vart kraftig neddempa då kultur— og ressursutvalet behandla saka i rom 367 i Fylkeshuset.

I innstillinga frå fylkesrådmannen og fylkeskultursjefen står det at «Kulturminneverdiane og arbeidet for å få industrikulturen i Tyssedal og Odda ført opp på verdsarvlista må setja premissane for utviklinga».

Som betyr: ingen andre premissar skal telja med.

  • Dette er fylkeskommunen sin sjanse til å gje eit tydeleg råd til Riksantikvaren, sa Anna Elisa Tryti ved innleiinga av den politiske behandlinga.

Også andre premissar

I innstilinga frå kulturutvalet, som går vidare til fylkesutvalet, står det at desse verdiane «set viktige premissar for utviklinga».

Som betyr: også andre premissar skal telja med.

Kulturutvalet gjekk likevel ikkje så langt som Terje Kolbotn, Raudt, ville. Kolbotn sette frem eit forslag som opna for å leggja Rv. 13 over smelteverkstomta. Og i cyanamidområdet meinte han kulturminne og handlesenter med kontor og bustader kunne eksistera side om side. I praksis var dette Odda kommune sin reguleringsplan, vedteken hausten 2008, og som kommunen stadfesta for ei veke sidan.

Føringar for riksveg

Det var Arbeidarpartiets Dag Rune Mo som la fram forslaget som til slutt fekk alle røystene. Der står det at fredingsforslaget ikkje tek godt nok vare på Odda kommune sine interesser. Riksantikvaren vert beden om å leggja vekt på Odda sine synspunkt i saka og på den måten sikra breid loka oppslutnad om fredinga. Og i det vidare arbeidet må han samarbeida med eigarane og kommunen.

Terje Kolbotn var vel nøgd med innstillinga til fylkesutvalet.

  • Dei ville ikkje vera så detaljerte at dei gjekk inn for Rv. 13, men slik innstillinga vart, legg ho føringar i retning av riksveg over smelteverkstomta og utvikling av handlesenter. Kanskje ikkje 15.000 kvadratmeter, slik eigarane ynskjer, men opptil 10.000 kvadratmeter er no ikkje lite, det heller, seier Terje Kobotn til BT.

Avgjerd før nyttår

Korkje Anna Elisa Tryti eller fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd såg det som si rolle å gje kommentarar til innstillinga.

  • Eg konstaterer at kulturutvalet sluttar seg til forslaget om freding av smelteverkstomta. Det var ei god og balansert behandling av saka, seier Per Morten Ekerhovd.

Saka går no vidare til fylkesutvalet 8. desember. Vedtaket frå fylkesutvalet er berre rådgjevande. Riksantikvaren tek endeleg avgjerd, og han skal ha lova å få saka unna innan nyttår.