Sidan lokalvalet i 1999 har FrP og SV meir enn dobbla oppslutningen viser målinga som Sentio-Norsk statistikk har gjort for tre aviser i fylket. Den store taparen er altså Senterpartiet som går tilbake meir enn åtte prosentpoeng.

Venstre er blitt eit miniparti også i dette fylket, med kun 5,7 prosent. Arbeiderpartiet er nesten dobbel så stort som Sp. Dersom tendensen held fram den korte tida fram til valet er det duka for hafslobygdingen Tor Bremer (Ap) i fylkesordførarstolen, etter Nils R. Sandal (Sp).

Ap er på målinga som vart gjort 12. mars nesten dobbel så stort som Sp i Sogn og Fjordane.

Nedturen til Sp er serleg dramatisk om ein samanliknar mandtatfordelinga i fylkestinget. No får både SV og FrP like mange representantar som Sp, alle med seks på fylkestinget etter valet til hausten. Ved valet i 1999 fekk Sp ti representantar, SV og FrP fekk to kvar.