I alt 20 politifolk frå Økokrim, Hordaland politidistrikt og lokale lensmannskontor i begge fylka tok del i storaksjonen mot selskapet Vest Tank onsdag.

— Vi har gjort ei rekkje beslag. Stort sett dreiar dette seg om dokument vi meiner er relevante for den vidare etterforskinga, seier førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i Økokrim.

— Har aksjonen gitt nye opplysningar i saka?

— Vi vil no gjennomgå materialet det er gjort beslag i.

Økokrim har no teke over ansvaret for etterforskinga av Sløvågeksplosjonen. Høviskeland, som er leiar for Økokrims miljøteam, karakteriserer etterforskinga som svært omfattande og kompleks. Saka har forgreiningar til utlandet, og Økokrim samarbeider også med utanlandsk politi.

— Så langt er selskapet sikta. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har meldt selskapet, og dei er sikta etter brann- og eksplosjonsvernlova, seier Høviskeland.

Det var 24. mai at to tankar gjekk i lufta ved anlegget til Vest Tank i Gulen. Ingen blei alvorleg skadde i den enorme eksplosjonen, men i ettertid har ei rekkje personar blitt sjuke på grunn av lukta frå eksplosjonsrestane.

Kva synest du om handteringa av Sløvåg-eksplosjonen? Sei di meining i feltet under!

EKSPLOSJON: To tankar gjekk i lufta ved anlegget til Vest Tank i Gulen 24. mai i fjor.
KÅRE NESS