– Politimannen skal vera shaky, men ikkje hardt skada, opplyser operasjonsleiar Torgeir Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Etter det BT kjenner til vart bilføraren sitjande fastklemt i bilen og brannstellet kalla inn. Mannen vart frakta til Stord sjukehus med eit stygt kutt i panna. Bilen skal ha hatt ein fart på 60 km/t i samanstøyten.

Politimannen avslo legehjelp og ville kontakta lege sjølv seinare på dagen.

Ulukka vart meldt like etter klokka 15.