Politimelder lakserømming
Fiskeridirektoratet melder rømming av laks i Korsfjorden og Bjørnefjorden til politiet.
AV: hans k. mjelva
– Det må rett og slett bli slutt på at oppdrettarar ikkje melder ifrå om rømningar, seier regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet region Vest.
Han seier det er årsaka til at dei i går gjekk dei til det uvanlege skrittet å melde rømningane av laks i Korsfjorden og Bjørnefjorden til politiet.
– Det er uvanleg at vi politimelder ei slik hending utan å ha meir konkret kunnskap om omfang, hendingsforløp eller kva oppdrettsanlegg fisken kjem frå, seier han.
Fredag måtte fylkesmannen opne for laksefiske utanom sesongen i Oselva, etter store utslepp av oppdrettslaks i fjorden. Ingen veit kva anlegg laksen kjem frå, men Haddal seier fisken truleg kjem frå eit av dei mange anlegga i nærleiken.
Fiskeridirektoratet meiner det er «usannsynleg» at oppdrettarane no ikkje veit at laks har rømd. Oppdrettarane har ei plikt til å melde ifrå, men dei held kjeft.
– Det er eit absolutt krav når det skjer noko slikt at dei meld frå til styresmaktene, slik at vi kan setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. Det er det at dei ikkje har meld ifrå, som er det mest alvorlege. Så vil etterforskinga vise om er noko meir vi kan anmelde, seier han.
– Kva risikerer oppdrettarar om dei melder ifrå om rømningar?
– Det handlar til ein viss grad om dårleg publisitet. Det kan òg vere frykt for bli anmeldt, viss dei melder om noko dei kan bli halde ansvarleg for, seier han.