— Nemnda viser grov klanderverdig framferd og grov uforstand i tenesta ved ikkje å ta den kontrolloppgåva dei har teke på seg tilstrekkeleg på alvor, seier Sørheim til BT.

Olav T. Laake avfeier kritikken, men gir Olav Sørheim honnør for å stå på.

-Eg rår han til å reisa sak, slik at alle sider ved saka blir tilstrekkeleg opplyst, seier Riksskattenemnda sin leiar til Finansavisen.

Det Sørheim kritiserer, er at nemnda i klagebehandlinga berre har teke stilling til skattebyråkratane sine utgreiingar. Dessutan kjempar han for innsynsrett i eigen skattesak og i byråkratane sine innstillingar.

Olav Sørheim har kjempa mot skatteetaten sidan han i 1998 vann ein prinsipiell siger over Landbruksdepartementet, som tidlegare hadde nekta han å kjøpa ein nabogard i Etne.

Staten ønskte å nytta forkjøpsretten sin for å leggja bruket ut som tilleggsjord, men måtte til sist gje seg. Sørheim ønskte frådrag i skattelikninga for dei rundt 100.000 kronene han nytta i ein fleireårig rettsprosess for å sikra seg kjøpsrett.