— Eg fekk vite at ein av tenestemennene hadde vore brautande og ufin. Eg tok kontakt med vedkommande, og merka at han var rusa. Det lukta i alle fall alkohol av han.

Slik forklarte den tidlegare kontingentsjefen for dei norske politifolka i Afghanistan, Halvor A. Hartz, onsdag kva som hende under 17. mai-festen ved ambassaden i Kabul i 2008.

Berre ein vart sendt heim

I rettssaka mellom eks-politimann Dag Arne Guttormsen og staten i Oslo tingrett har alkoholkulturen blant dei norske politifolka i landet vore tema. Tysdag forklarte saksøkjar Guttormsen om eit «tidvis noko høgt alkoholforbruk blant leiinga og enkelte av tenestemennene».

Han sa også at 17. mai-festen i 2008 endte med protest frå ambassaden, og at fleire politifolk vart sendt heim til Noreg i etterkant, på grunn av fyll og dårleg oppførsel.

Det korrekte var at tre polititenestemenn fekk ein reprimande, og at ein av desse vart sendt heim til Noreg, forklarte den tidlegare kontingentsjefen Hartz i retten onsdag.

Kom til landet 16. mai

Hartz var kraftig provosert av framstillinga Guttormsen har gitt av 17. mai-feiringa og alkoholkuturen generelt..

— Vi levde ikkje eit utsvevande liv. Vi var heilt restriktive når det gjaldt bruk av alkohol i all form for teneste, sa Hartz.

Dei tre politimennene som utmerka seg negativt var komne til Afghanistan dagen før, 16. mai. Dei skulle vere utstasjonert i landet i minst seks månader, etter planen. For den eine vart det berre nokre få dagar.

— Det viste seg at dei tre hadde hatt med seg akevitt frå Noreg. Denne hadde dei drukke på huset der vi budde, før vi dro til ambassaden, sa Hartz.

Henta heim av Politidirektoratet

På turen frå huset til til ambassaden var politimennene væpna og i uniform. Vel framme på 17. mai-festen var både øl og vin tilgjengeleg.

Hartz seier til BT at han i dag ikkje hugsar om det var den norske ambassadøren som vart utsett for den dårlege oppførselen, eller om det var diplomaten Kai Eide, som på det tidspunktet var nyutnemnt sjef for FN i Afghanistan.

Hartz la vekt på at ingen av festdeltakarane køyrde bil, og at det på ingen måte var ein fyllefest. Då Hartz fekk beskjed om at verten ikkje var nøgd med oppførselen til enkelte av folka hans, ga Hartz ordre om at alle politifolka skulle avslutte nasjonaldagsfeiringa og dra attende til huset der dei budde.

— Alle tre beklaga etterpå at dei ikkje hadde oppført seg slik politimenn i uniform skal gjere, sa Hartz. Som kontingentsjef meinte han at ein muntleg reprimande ville vere ein korrekt reaksjon.

— Politidirektoratet overprøvde denne avgjerda for den eines del, og bestemte at han skulle avslutte tenesta og takast heim til Noreg, sa Hartz.

- Null alkohol utanfor huset

Han påpeikte at denne reaksjonen viste at politiet ikkje tolererte overdriven alkoholbruk, og heller ikkje dårleg oppførsel generelt.

Hartz sa etter vitneprovet at reglane var heilt klare:

— På fritida var det lov å ta ein øl eller eit glas vin. Men når vi var utanfor huset vårt, var det null alkohol. Slik var regelen, sa Hartz. Han tek sterk avstand frå Guttormsens påstand om at også Hartz «var ein del av biletet» når det gjaldt alkoholbruken den aktuelle dagen.

— Det er ein løgnaktig påstand som går rett på mitt og mine kollegaers omdømme. Det einaste motivet eg kan sjå at han kan har for å seie dette, er økonomisk, seier Hartz, som viser til at Guttormsen krev fleire hundre tusen kroner i erstatning frå staten for det som har skjedd.

Eks-politisjefen viser til at han i løpet av 14 månader som kontingentsjef sendte fire avviksmeldingar heim. Berre denne eine 17. mai-meldinga omhandla alkoholbruk. Han seier også at Guttormsen aldri tok opp misnøye med alkoholbruk med han.

Det norske forsvaret hadde ein strengare alkoholpolitikk enn politiet i Kabul: Dei militære hadde totalforbud mot all alkoholbruk i Afghanistan. Dette forbudet måtte også politifolka som budde i den norske militærleiren i Maimana halde seg til.