Ulykka skjedde på fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet i februar i fjor, da politibetjenten og ein kollega var på veg tilbake til Indre Sogn etter eit tenestemøte i Førde.

Bremsa ikkje

I ein uoversiktleg sving på den smale fylkesvegen kom ein møtande skulebuss med sjåfør og fire barn om bord, og politibetjenten klarte ikkje å stoppe på det snøglatte nullføret. Han la bilen ut i høgre vegkant og skjena langs brøytekanten i ca. 13 meter. Der trefte han ein bergknaus, og politibilen vart kasta inn i sida på bussen like framfor bakhjulet.

Ingen personar vart skadde i samanstøtet.

Politibilen var utstyrt med blokkeringsfrie bremsar, men i retten forklarte den 39-årige politibetjenten at han var uvant med slike bremsar og instinktivt ikkje hadde rørt bremsepedalen.

Han valde i staden å prøve å passere bussen ved å styre bilen ut i brøytekanten, og ville lukkast om det ikkje var for bergknausen. Kollegaen hans, som sat i passasjersetet framme, meinte på si side i retten at ABS-bremsene vart aktivert.

Politimannen forklarte i retten at han kjørte i rundt 40 kilometer i timen da han oppdaga bussen i svingen, og retten meiner at farten var så høg at det ikkje var mogeleg å unngå frontkollisjon ved å bremse. Slik situasjonen da var, meiner retten tiltalte handla rett ved å kjøre ut i brøytekanten.

— Måtte forstå

Men hovudpoenget for retten er at tiltalte måtte pårekne å møte ein bil i svingen, at han visste kor glatt det var og at vegen var så smal.

— Tiltalte måtte forstå at vegen var så glatt at det ikkje var tilrådeleg å kjøre inn mot den aktuelle svingen med den farten han hadde, heiter det i dommen. Vidare seier retten at når 39-åringen handla som han gjorde og valde veggrøfta, så er dette eit uttrykk for at han ikkje hadde herredømme over kjøretøyet slik vegtrafikklova krev.

Dermed konkluderer retten med at den 39-årige politimannen har kjørt aktlaust, og meiner aktors påstand om 3000 kroner i bot er passande straff. I tillegg kjem sakskostnader på 2000 kroner.

Statsadvokat Jogeir Nogva var aktor under rettssaka, som kom opp etter at politibetjenten hadde nekta å godta eit førelegg for aktlaus kjøring.

Av dommen framgår det at kollisjonsskadene på den uniformerte politibilen er vurdert til rundt 50.000 kroner, medan skadane på bussen er taksert til drygt 26.000 kroner.