Politiet loggfører de oppdragene de har i løpet av døgnet. Når en journalist om morgenen ringer operasjonslederen i et politidistrikt for å sjekke om det har skjedd noe i løpet av natten, er det ofte politiloggen det refereres til.

Dette kan føre til en saker som for eksempel

Fyll og fanteri .

For oss er det viktig å få vite hva som skjer. En sak oppleves ulikt. Dersom du opplever noe eller vet om noe du mener vi bør skrive om, er det flott om du tipser oss. Send oss tips og bilder.

Her er et eksempel på hvordan politiet selv omtaler hendelsene en natt:

Søndag 6. desember 2009:

00.00: Køyring utan førarkort, Vågsøy

Melding om merkeleg køyring i Måløy. Etter ei tid fekk politiet stoppa køyretøyet og det viste seg at førar ikkje hadde førarkort. Det er oppretta sak på forholdet.

00.28: Rusa person, Flora

Politiet tok hand om ein rusa mann i 30 åra i sentrum. Han vart køyrd til bustad.

01.23: Slåsting, Flora

Flora Melding om ein person som var til sjenanse på eit privat arrangement/ fest i sentrum. Då politiet kom til staden var vedkommande reist frå staden.

01.59: Skadeverk, Gloppen

Melding om skadeverk på ein bil på Byrkjelo. Gjerningsmannen er kjend og meldar vil gå vidare med saka over helga dersom han ikkje gjer opp for seg.

02.23: Ordensforstyrring, Stryn

Melding om ein person som var til sjenanse ved ein utestad i sentrum. Mannen forlét etter litt staden og politiet rykte ikkje ut på forholdet.

02.28: Ordensforstyrring, Vågsøy

Det vart meldt om støy og bråk utanfor ein uteplass i Måløy. Då politiet kom til staden var partane borte frå staden.

03.00: Trafikkontroll, Årdal

Politiet i Årdal hadde kontroll på Årdalstangen og i Øvre Årdal i tida 22.00-03.00. 78 bilførarar vart kontrollerte — ingen merknader.

03.08: Slåsting, Flora

Det vart meldt om slåsting mellom fleire personar ved Shell. Då politiet kom til staden hadde gemytta roa seg. Ein person vart sendt til legesjekk etter hendinga. Det er uklart om nokon av partane vil melde forholdet over helga.

03.37: Trafikkulykke, Førde

Melding om utforkøyring i Gamlestølsvegen. Politiet kom raskt til staden men førar hadde da forlate staden og det lukkast ikkje å få tak i han i natt. Det blir oppretta sak på forholdet.

03.56: Påkøyrde hjortar, Vik

Melding om at to hjortar (kolle og kalv) var påkøyrde på Feios. Viltnemnda varsla.

06.30: Natteuro, Flora

Politiet rykte ut til Krokane etter melding om at ein mann gjekk rundt i eit byggjefelt og ringde på dører. Han ropte og skreik slik at dei som budde der vart redde. Mannen vart funnen sovande i ein hage på staden. Han vart teken hand om av politiet og køyrd til bustad. Han var i 50 åra og godt rusa.

Loggen er henta frå politi.no. Her finn du loggar frå ein del av politidistrikta.