• Dette er ein skandale. Det går ikkje an å gamble med barns liv på denne måten, seier Ågot Valle (SV), nestleiar i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget.

Ho krev at styresmaktene straks går barnevestane etter i saumane, og sørgjer for at dei som ikkje held mål blir fjerna frå butikkhyllene. Også komitileiar May-Helen Molvær Grimstad (KrF) krev opprydding. — Dette er oppsiktsvekkande og ikkje betryggande. Dei fleste føler seg jo ganske trygge når barna har på seg ein redningsvest. Vestane må halde det dei lovar, seier Molvær Grimstad.Ho forventar at Barne- og familiedepartementet, som har øvste ansvaret for tilsynet med slikt utstyr, går inn i saka. Skjer ikkje det, vil ho sjølv ta kontakt. Det daglege tilsynsansvaret for fritidsvestar er lagt til Produkt- og elektrisitetstilsynet. Også dei er uroa over konklusjonane frå Trondheim. Ifølgje avdelingsdirektør Vivi S. Sølverød vil tilsynet no ta kontakt med dei som leverer slike vestar til norske butikkar for å gå igjennom kvaliteten.For at ein fritidsvest skal kunne seljast i Noreg, må han vera typegodkjent og utstyrt med CE-merking. Norske styresmakter utfører ikkje sjølvstendig testing og godkjenning av vestane. Ei rekkje godkjenningsinstitusjonar over heile Europa kan skrive ut dokument som gir rett til CE-merke. Det gir så tilgang til heile EU og EØS-området.Produkt- og elektrisitetstilsynet har derimot fullmakt til å forby eit produkt på den norske marknaden dersom dei finn at det er i strid med regelverket.