Retten meiner tiltalte må frifinnast fordi bevisforholda er for uklare. Mannen, som er i 50-årsalderen, er også frifunnen for erstatningskrav.

Den eldre kvinna som melde mannen for valdtekt, forklarte i retten at ho må ha blitt dopa ned og valdteken.

I samband med rettssaka vedgjekk politiet at etterforskinga like etter overgrepet ikkje hadde vore god nok.

Dommen er samrøystes.

Begge påstår blackout

Valdtektssaka i Fjordane tingrett er spesiell. Den tiltalte lokalpolitikaren og den fornærma kvinna hevdar begge at dei hadde total black-out. Tiltalte nektar straffeskuld.

Statsadvokaten la først saka vekk etter bevisets stilling, men riksadvokaten har sidan overprøvd beslutninga.

Det er familieband mellom tiltalte og fornærma, utan at dei har vore nært bekjente. Og saka er kjemisk fri for handfaste tekniske bevis som eksempelvis dna.

Ifølgje kvinna hadde tiltalte fleire gonger prøvd å få henne med til eit husvære han disponerte, for å sjå bilder frå ein familiesamankomst og dessutan greie opp i ei bagatellm