TERJE ULVEDAL

Sunnfjordingen politiet meiner har stole sportsbilen, stakk i går av frå Førde sentralsjukehus. Der var han innlagt etter å ha skada seg då han krasja sin eigen bil i Naustdal natt til tysdag.

Porschen eigd av riking

Den stole Porschen er eigd av ein av Sogn og Fjordanes rikaste.

I det heile har mannen som stal bilen, han er i byrjinga av 20-åra, vore svært aktiv siste tida.

I følgje NRK Sogn og Fjordane deltok han i påskehelga i eit tjuveriraid i Fjaler og Gaular.

Saman med ein annan mann gjorde han vesentleg skadeverk på skular og hos ulike bedrifter. Dei to blei pågripne i ein bil full av tjuvegods.

Natt til tysdag stod mannen bak eit innbrot i Naustdal, men kort tid køyrde han i fjellveggen. 20-åringen stakk deretter av, og gjekk i dekning nokre timar. Men det varte ikkje lenge før han måtte ut på vegane att.

Kvinner på hjul etter Opel

Seinare på tysdag la to kvinner i Naustdal merke til ein Opel som politiet hadde etterlyst. Dei la seg på hjul.

Det førte til ein dramatisk biltur. Dei to kvinnene hadde heile tida kontakt med politiet, og historia enda med at mannen og kjærasten hans blei pågripen.

Men det tok altså ikkje lang tid før han var på frifot att. Etter at han blei lagt inn på sjukehuset heldt politiet vakt over han. Men rundt middagstider i går avgjorde lensmannen i Førde og Naustdal at vakthaldet skulle ta slutt.

Observert i Åsane

Eit kvarter seinare var mannen vekke. Politiet trur no det er den same mannen som har stole Porschen. Vitne skal i går han observert bilen i Åsane.

— Vi reknar denne observasjonen som heilt sikker. Vitnet kjenner både eigaren og bilen, opplyser politibetjent Gunnar Englund til bt.no.