Ein anonym person tipsa i går via e-post fleire nyheitsredaksjonar om forholda kring den vesle butikken i Naustdal. Etter det Bergens Tidende kjenner til har det i fleire veker gått sterke rykte i bygda om saka.

Fekk tips frå Firda

Avisa Firda gav Myrvang ein kopi av e-posten. Han gjekk deretter til politiet.

— Eg har meldt saka. Etter mitt syn er det som står i e-posten ærekrenkjande. Det er dessutan feil, og noko eg ikkje kan ha hengande over meg, seier Myrvang.

— Korleis fekk du e-posten?

— Den fekk eg frå Firda, svarar den kommande ordføraren.

Lensmannsførstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor stadfestar at dei har fått politimeldinga, og har sett i gang etterforsking.

— Politiet har ei datagruppe som vi har bedt sjå på saka. Dei vil i første omgang prøve elektronisk sporing for å finne ut kven som har sendt e-posten.

— Har politiet god tru på at det skal vere råd å finne personen?

— Det vil eg ikkje ha sagt nok om. Men eg kan no oppmode personen om å melde seg. Då vil det i alle fall gå raskare.

— Kan det bli aktuelt å etterforske det e-posten omhandlar?

— Myrvang har sagt at han ønskjer å leggje fram rekneskapen for dei to selskapa.

«Ikkje tillit»

Personen som tispa om saka skriv i e-posten at dette blir gjort anonymt, fordi vedkommande ikkje har tillit til at lokalpressa skjermar kjeldene sine godt nok i slike saker.

Ansvarleg redaktør i avisa Firda, Jan Atle Stang, meiner skuldingane er grunnlause.

— Det er heilt absurd. Denne personen kan ikkje ha noko grunnlag for at vi ikkje skal vere til å stole på i ei slik samanheng, seier han.

Stang meiner tipsaren ikkje har forstått korleis lokalpressa driv si verksemd.

— Det er sant at vi har skrive mykje om Myrvang, men det er utelukkande fordi han har hatt ei rolle i dei sakene vi har omtalt, seier redaktøren.