EYSTEIN RØSSUM

Politihøgskolerektor Ragnar L. Auglend (55) i Oslo og politimeister Karl-Henrik Sjursen (58) i Haugesund er to av polititoppane som har søkt den ledige stillinga som politimeister i Hordaland.

Dei to andre søkjarane er politiinspektør Gunnar Olaf Gundersen (53) i Trondheim og visepolitimeisteren i Hordaland, Geir Gudmundsen (49).

Fristen for å søkje gjekk ut før helga. Ingen kvinner søkte stillinga.

Ingen av dei fire kandidatane var med i konkurransen sist stillinga var ledig, for fire år sidan. Også den gongen var det berre fire søkjarar — mellom andre førstestatsadvokat Walter Wangberg og politimeister Rolf B. Wegner.

Jusstudiar i Bergen

Av dei fire som nå har søkt, har Ragnar Auglend den mest sentrale posisjonen i politiet, som sjef og rektor ved Politihøgskulen. Der byrja han for to år sidan, etter å ha vore politimeister i Sarpsborg.

— Stillinga i Bergen er fagleg attraktiv. I tillegg er kona mi frå Bergen, og eg har sjølv budd og arbeidd der tidlegare, seier Auglend, som er fødd i Finnmark.

Han byrja jusstudiane i Bergen i 1969. På 70- og 80-talet arbeidde han i bergenspolitiet, og var kriminalsjef då han flytta frå byen i 1986. Seinare har han vore byrettsdommar både i Oslo og Sarpsborg.

I ein periode var han også avdelingsdirektør i Industridepartementet.

Ved sida av rektorarbeidet i Oslo er Auglend også fast forelesar ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Har hus på Laksevåg

Ein annan kandidat med sterk bergenstilknytting er politimeister Karl-Henrik Sjursen. Han er fødd og oppvaksen på Laksevåg, og byrja også politikarrieren ved Laksevåg lensmannskontor som aspirant i 1968.

På 70-talet budde og arbeidde Sjursen i byen. Han studerte juss på kveldstid, og flytta etter kvart til Kristiansand, der han var både kriminalsjef og leiar for overvakingstenesta. I 1995 vart han politimeister i Haugesund, og seinare i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

— Jobben i Bergen er spanande og utfordrande. I tillegg er Bergen heimbyen min. Eg har framleis barndomsheimen min på Laksevåg, og vi kjem til å flytte dit dersom eg får stillinga, seier Sjursen.

Var sjef før samanslåinga

Bergensaren Geir Gudmundsen har vore visepolitimeister i Hordaland sidan i fjor. Han var også konstituert politimeister i «gamle» Hordaland politidistrikt, før samanslåinga med Bergen i 2002. Han har bakgrunn både som politijurist og som polititenestemann.

Den siste kandidaten, Gunnar Olaf Gundersen, har i fleire år vore assisterande politimeister i Trøndelag. Før han gjekk inn i politiet, var han statsadvokat i Trondheim. Han er i dag politiinspektør i Sør-Trøndelag, og for tida på oppdrag i Sarajevo.