OVE ARNE OLDERKJÆR Stord

23-åringen kom ikkje til alvorleg skade i biljakta som skjedde i opptil 100 km i timen i 50-sona ved Leirvik på Stord om kvelden sundag 1.april 2001. Han er nyleg dømt til 45 dagars fengsel på vilkår for uloveleg bilkøyring, for narkobrotsverk, og for å ha brukt bestefaren sitt kredittkort ulovleg og tappa kontoen for over 10.000 kroner.

Den førarkortlause 23-åringen ville ikkje stoppa på politiets signal då han kom køyrande i hasjrus i ein bil med prøveskilt som var gått ut på dato. Med blålys og sirener tok politibilen opp jakta på 23-åringen.

På den smale og uoversiktlege Høylandsvegen enda biljakta ved at 23-åringen sin bil fekk skrens og velta etter samanstøyt med ein fjellskrent. Blodprøven etterpå viste at bilføraren var påverka av narkotiske stoff tilsvarande om lag ein i alkoholpromille.

Kredittkortsvindelen forklarte 23-åringen med at han for to år sidan gjekk på heroin og måtte finansiera ein del narkotikagjeld. Sunnhordland tingrett ser formildande på at mannen langt på veg har gitt tilståingar utan atterhald.