DAG IDAR TRYGGESTAD

PER MARIFJÆREN

ODDLEIV APNESETH (foto)

— Har nokon lagt merke til slike endringar, vil vi gjerne at dei kontaktar politiet, seier lensmann Kjell Fonn.

Etterforskarane i Førde har verka trygge på at dei har hatt Anne Slåttens drapsmann i etterforskningsmaterialet. Opplysingane som lensmann Kjell Fonn ga pressa i går, kan tyde på at politiet står over for ei langt meir komplisert drapsetterforskning, som kan bli langvarig.

Politiet har sikra seg DNA frå gjerningsmannen, og har difor teke fleire titalls prøver av vitne og personar dei meiner er meir interessante enn andre.

Jaktar breitt

Prøvene som har vore til analyse hos Rettsmedisinsk institutt har så langt ikkje gitt politiet svaret dei har venta på. Det stressar dei, og gjer at politiet no går breiare ut enn nokon gong i jakta på den som drap sjukepleiarstudenten.

Politiet har god tru på at drapsmannen kan ha blitt merka. Etter det BT forstår stammar funna av gjerningsmannens DNA frå hudceller.

— Det er mogleg at gjerningsmannen er blitt påført skader, til dømes kloremerke eller hudavskraping.

— Dersom nokon etter drapstidspunktet har gjort observasjonar av personar som har endra veremåte eller rutiner, ber vi om at dei kontaktar politiet, seier lensmann Fonn.

Sjølv om det framleis er Førde og nærområdet som verkar mest interessant, seier lensmannen at ein no tenkjer breitt og ikkje lenger kan utelukke at gjerningsmannen er å finne langt unna Sunnfjord.

Samstundes viser politiet framleis svært lita interesse for dei mange tilreisande som var i Førde drapshelga. Etter det BT forstår er berre eit fåtal av hotellgjestane blitt kontakta.

Enorme mobildata

Politiet har lagt ned store ressursar i å sikre seg elektroniske spor. Størst håp er knytta til mobiltelefonspora. Frå drapshelga er det henta ut 200.000 mobilregisteringar frå basestasjonar i Førde. Desse skal no analyserast. I andre kriminalsaker har slike mobilspor ført til gjennombrot for etterforskarane. Det håpar lensmann Fonn skal vere tilfellet i Førde òg.

— Dette er eit svært tidkrevjande, men viktig arbeid, seier Fonn.

Politiet går inn i si andre helg med intens drapsetterforskning. Difor tek dei taktiske etterforskarane frå Kripos fri. Det gjer ikkje betjentane i Førde.

— Det blir fullt trøkk også i helga. Hovudoppgåva blir å halde fram med kartlegginga av kven som var i Førde drapsnatta, seier Fonn.

Han har god tru på fleire viktige tips frå publikum. Så langt har politiet mottatt 320 tips. I alt er 180 vitne avhøyrde - ei handfull personar fleire gonger.

Dei to gutane som vart etterlyste av politiet meldte seg i går formiddag. Politiet seier dei hadde ein forklarleg grunn til å vere der dei vart sett.

<b>VANSKELEG JAKT:</b> Lensmann Kjell Fonn og politiadvokat Sissel Kleiven har vore tause om drapssaka i fleire dagar. I går ville dei gjerne snakke. Jakta på Anne Slåttens drapsmann ser ut til å bli lengre og vanskelegare enn politiet håpa. Nå er håpet fleire tips frå publikum.