Sjølv i eit oversiktleg politidistrikt som Sogn og Fjordane vil det ta tid å finna ut av dette, seier politiinspektør Ronny Iden til Bergens Tidende.

— Datamaskinene gir kjapt oversyn over saker med brot på dei aktuelle paragrafane i likningslova. Men så må ein vurdera om personar har fått dobbel straff, etter den nye definisjonen, i kvar sak for seg, seier Iden.

Politiet jobbar seg gjennom bunkene for å finna ut om skatteetaten har lagt til straffeskatt før saka er meldt til politiet. Men det finst også unntak. Til dømes kan eit aksjeselskap få straffesskatt og dagleg leiar eller styreformann bli meldt til politiet.

— Er det fordi aksjeselskap ikkje er menneske, og difor ikkje har krav på menneskerettsvern?

— Grunngjevinga er at selskap og ansvarleg person er to ulike rettsobjekt, ikkje ein juridisk person som vert straffa to gonger.

Hans kollega Anders Johnsen på politihuset i Bergen har trekt eit par saker som var tidfest for retten. og sendt brev om at bøter ikkje trengst betalast.

— Dette gjeld kurante saker som manglande innlevering av sjølvmelding, seier Johnsen. Han ser for seg at politiet i framtida må droppa ein eller to postar i tiltalen, men elles kunne påstå straff som før på skattebrotsverk. Det mest omfattande arbeidet blir å gå gjennom saker som alt er komne i arkivet.

Ved Haugaland politidistrikt opplyser juristen Odd Nesse at han til no ikkje har kome over saker som må takast opp att i Sunnhordland.