Klokka fem i går stoppa politiet i Os ein mann som var ute og køyrde på Moberg. Politiet stoppa mannen etter tips frå publikum om promillekøyring.

I bilen fann politiet narkotika. Bilen fekk også skilta klippa av ettersom det var begjæring om avskilting på bilen.

Mannen, ein kjenning av politiet i førtiåra, vart teken med for blodprøve og sett i arresten.