Dermed tok det over ei veke frå Naturvernforbundet og Informasjonsnemnda for Hattebergvass-draget politimelde anleggsarbeidet til politiet greip inn, etter krav frå Fylkesmannen i Hordaland.

– Då vi første gongen blei bedne om å stansa arbeidet, var dokumenta i saka sendt frå Fylkesmannen til Miljøverndepartementet. Vi fann då ikkje grunnlag for å gripa inn ettersom eit overordna mynde kunne ha fatta eit nytt vedtak, seier visepolitimeister i Hordaland, John Reidar Nilsen til bt.no.

– Men då departementet ikkje gjorde formelt nytt vedtak, hadde vi Fylkesmannens vedtak å forholda oss til. Vi fann sakshandsaminga forsvarleg, og såg det som naturleg å påleggja stans av tiltaket i Muradalen. Kvinnherad lensmannskontor har vore i dialog med tiltakshavaren, som eg forstår rettar seg etter pålegget, seier Nilsen.

Kvinnherad Energi har fått lov av NVE til å rusta opp det gamle kraftverket i Hattebergvassdraget og samstundes etablera eit nytt vassverk for Rosendal. Men Fylkesmannen si miljøvernavde-ling krev at Kvinnherad kommune må utarbeida ein reguleringsplan for om-rådet før tiltaket kan setjast i verk.

MORTEN NYGÅRD, GRENDA