I februar 2005 melde Noregs Miljøvernforbund Bergen kommune til politiet. Dei meinte kommunen sjølv var skuld i Giardia-epidemien.

Politiet la bort saka etter kort tid, men vart i mai 2005 pålagt å ta ho opp att av statsadvokaten i Hordaland.

I går kom resultatet: Bergen kommune får eit førelegg på 800.000 kroner, for brot på matlova og drikkevassforskrifta.

– Poenget er at reinsestasjonen i Svartediket ikkje overheld kravet til reinsing. Drikkevassforskrifta krev to biologiske barrierar, seier politiadvokat Tore Johan Sørland.

Stolar på gransking

Svartediket hadde den gong berre ei biologisk barriere, noko som ikkje var nok til å stoppe Giardia-parasitten.

Eit av hovudpoenga i meldinga til Miljøvernforbundet var at kommunen sjølv hadde skapt epidemien:

Dei meiner sprengingar i samband med det nye vassrenseanlegget i fjellet ved Svartediket førte til at grunnen rista så kraftig i bustadområda på Knatten at kloakkrøyra sprakk.

Dermed kunne kloakk renne fritt nedover bekkefaret og rett ut i drikkevatnet like ved innsuget.

Men politiet har ikkje granska desse påstandane, som kommunen sjølv har avvist.

– Vi har lagt til grunn dei rapportane som kom frå kommunens interne og eksterne granskingar, seier politiadvokat Sørland.

– Så de har ikkje gjort eigne undersøkingar?

– Nei. For dei undersøkingane som ligg føre er grundige og gode, og skulle politiet reist rundt og gjort dei same undersøkingane ville det ha vore eit omfattande arbeid, seier han.

– Fantastisk

Kurt Oddekalv trur knapt det han høyrer, når vi fortel han at politiet ikkje har undersøkt sprengningsteorien.

– Det høyrest nesten for fantastisk ut. Viss dei ikkje har etterforska sprengingane, kva i helvete har dei gjort då? Det ville vere merkeleg om dei etterforskar saka utan at dei går inn i saka, seier Oddekalv, som likevel er glad for at politiet trass alt plasserer ansvaret hjå kommunen.

Eit paradoks er at sprengingane som Oddekalv meiner gav oss Giardia-epidemien, skjedde under bygginga av eit nytt vassbehandlingsanlegg. Det anlegget vart mellom anna bygd for å gje ei dobbel reinsing av drikkevatnet frå Svartediket.

NYTT ANNLEGG: Kurt Oddekalv meiner at bygginga av det nye vassbehandlinganlegget i Svartediket har skulda for Giardia-epedemien i Bergen. No har kommunen fått bot.
TOR HØVIK