— Vi fekk eit nytt datasystem for både straffesaker, arkiv og hittegods, og dei tilsette måtte kursast. Dette saman med inntil fem vakante stillingar gjorde at vi måtte prioritera hardare, og kom oss mindre ut på trafikkontrollar, seier lensmann Reidar Færestrand.

Med nytt datasystem og eit utvida samarbeid med Fitjar, Bømlo og Sveio lensmannskontor, reknar Færestrand med at Stord-politiet i 2003 kjem sterkt tilbake på trafikkontrollar.

— Vi har lagt bak oss ei viktig kompetanseheving for både politimannskap og sivile ved kontoret, meiner politioverbetjent Odd Harald Hovland. Lensmann Færestrand meiner det første året som del av det nye Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har vore positivt. Eit utvida samarbeid i vaktregion Sunnhordland kan frigjera endå fleire politifolk til uteteneste, inkludert lensmennene sjølve, ifølgje Færestrand.

Stord lensmannskontor registrerte i fjor 102 trafikksaker, mot 301 i 2001. Køyring utan førarkort toppar statistikken med 43 tilfelle, men fleire av dei galdt same mann. 44 køyrte med promille. Det var ingen dødsulukker i trafikken i Stord kommune i fjor.

I alt registrerte lensmannskontoret 1417 straffesaker i fjor, mot 1540 i 2001. Seks gonger greip politiet inn overfor folk som bar kniv på offentleg stad. Narkotikasakene held seg stabilt i tal, 139 i fjor mot 155 i 2001.

Vinningsbrotsverk blei det færre av, ned frå 547 til 448.

Sedelighetssakene auka frå seks til 17. Tre valdtekter blei melde, seks personar blei tekne for blotting eller usømeleg åtferd.

VIL UT: I fjor måtte Stord-politiet halda seg ein god del innandørs grunna datakurs, no er lensmann Reidar Færestrand (t.v.) og politioverbetjent Odd Harald Hovland klare for meir uteteneste.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR