I Lærdalsdalen køyrde han over ei spikarmatte som politiet hadde lagt ut, utan at det stoppa den desperate bilisten.

Han køyrde nokre hundre meter på punkterte dekk, og då politiet fann bilen på eit gardstun, var føraren vekk. Samstundes fekk politiet tips om at ein annan BMW, som var meld stolen i Lærdal, stod i ein garasje i nærleiken.

Då politiet kom til garasjen, brasa bilen ut gjennom den attlatne garasjeporten, gjennom eit gjerde før han mista eit hjul og køyrde på tre hjul ned ei skråning. Sjåføren stakk til skogs.

— Eigaren av den første BMWen har vi pågripe. Den andre er framleis på frifot, opplyste operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Bergens Tidende seint torsdag kveld. Sjølv om politiet ikkje er sikre på identiteten til den eine, trur dei det er to kameratar frå Indre Sogn som var på farten i Lærdalsdalen.