TERJE ULVEDAL

Politiet meiner det aldri skjedde noko ran av Kiwibutikken på Årdalstangen. Dei meiner mannen fann på heile innbrotet for å dekke over eit underslag han sjølv stod bak. Statsadvokaten har sett butikksjefen under tiltalte for å ha svindla til seg 60.000 kroner. Summen tilsvarar to dagsoppgjer ved daglegvarebutikken.

— Dette kom som ei bombe. For meg ser det ut til at politiet ikkje har greidd å finne spor etter ranarane, og difor ikkje såg nokon anna løysing enn å tiltale meg, seier mannen til NRK Sogn og Fjordane.

Ein storstila politiaksjon blei sett i verk då mannen melde frå om det væpna ranet i juli i fjor. Mannen fortalde at han hadde blitt rana av to menn på kontoret som låg i etasjen over butikklokalet. Historia gjekk ut på at ranarane trua med skytevåpen, kanskje ei avsagd hagle, og tvinga han til å gje frå seg pengane. Butikksjefen gav også ei detaljert skildring av ransmennene, mellom anna sa han at begge brukte finlandshette.

Politiet væpna seg, og sperra alle vegar ut av Årdal. Men ransmennene fann dei aldri, og politiet konkluderte med at dei måtte ha kome seg unna før sperringane blei sette opp. Seinare arbeidde politiet ut frå ein teori om at ranarane måtte ha opphalde seg i Årdal nokre dagar før ranet. Dette fordi det verka som dei var svært godt kjende med rutinane i daglegvarebutikken.

Ranet i Årdal fekk stor medieomtale. Fleire aviser brukte ranet som døme på at storbyvalden hadde nådd utkant-Norge.

No har altså saka tatt ei fullstendig ny vending. 22. november må den tidlegare butikksjefen møte i Indre Sogn tingrett og forsvare seg mot ein tiltale om underslag. Mannen er ikkje lenger tilsett ved butikken i Årdal, men i følgje Kiwileiinga skal dette ikkje ha noko med tiltalen å gjere. Kiwi opplyser også at dei aldri har politimeldt mannen for underslag, og at tiltalen eine og åleine kjem som resultat av etterforskinga.