No etterlyser politiet klarare regelverk rundt jakt på tider av døgnet med dårlege lysforhold.

I eit brev til Direktoratet for naturforvaltning (DN) nemner politiførstebetjent Rolf Aamot er rekke eksempel på skadeskyting under tvilsame lysforhold. Han meiner at praksisen breier om seg.

— Klarer ikkje sjå

— Vi har drive omfattande oppsyn under hjortejakta, og har sett saker der det gjekk over grensa, seier Aamot, som er politikoordinator for miljø og fauna i region Ytre Sogn.

Ifølgje Aamot er det i for stor grad opp til den einskilde jegeren å vurdere om lysforholda er gode nok.

— Det krev lang erfaring. Moderne, lyssterk sikteoptikk gjer det mogeleg å skyte nærast i totalt mørke. Problemet er at jo mørkare det er, og jo meir lyssterkt kikkertsiktet er, jo meir blenda blir jegeren av munningselden frå skotet, seier Aamot. - Dermed kan han ikkje sjå kor dyret tar vegen. I dagslys klarer jegeren å sjå kor dyret spring, og kan hindre at eit skadd dyr blir liggjande å lide.

Info og opplæring

Hans hovudpoeng er at mange jegerar berre vurderer om han ser godt nok i sjølve skotaugneblinken.

— Det held ikkje. Jegeren må vurdere om lyset er godt nok i heile jaktsituasjonen, inkludert eventuell oppsporing og søk etter skotne dyr som spring, seier Aamot. - Det klarer ikkje jegerar som blir blenda. Og det trengst erfaring for å vite at jakt er noko meir enn å sjå godt nok i den augneblinken skotet går av.

Aamot meiner det er unødig vanskeleg å drive jaktoppsyn med dagens regelverk, og reiser spørsmålet om faste klokkeslett for jaktdøgnet.

Men DN ønskjer ikkje å avgrense jaktdøgnet til gitte klokkeslett.

— Vi forstår at det kan vere vanskeleg å drive jaktoppsyn innanfor dagens reglar, og har vurdert faste klokkeslett, seier Arild Sørensen i Direktoratet for naturforvaltning. - Men dette må framleis vere den enkelte jegers ansvar. Vårt tiltak mot skadeskyting er informasjon og opplæring av jegerane.